Vart stoppa i kontroll: – Hadde mista eit hjul på semitralla
Plus
Ikkje alle hadde alt på stell under dagens kontroll på Håbakken i Lærdal.
Statens vegvesen hadde 167 tunge køyretøy innom kontrollplassen på Håbakken torsdag i tillegg til nokre lette køyretøy.
Ein førar av eit vogntog vart stoppa då det viste seg at han hadde mista eit hjul på semitralla.
– Det blir ikkje meir køyring der før alle hjula er på plass, konstaterer kontrolløren.
Fleire gebyr og åtvaringar
Ein førar og eitt føretak fekk gebyr for brot på bestemmingane om køyre- og kviletid.
Ein anna førar fekk åtvaring for brot på bestemmingane om køyre- og kviletid.
Eit køyretøy var overlasta, og det fekk førar gebyr for. Omlasting måtte til før vidare køyring.
Tekniske manglar på bremsesystemet førte til at ein førar fekk med seg kontrollseddel.
Dei siste to som fekk reaksjonar torsdag var ein som måtte sikra lasta betre før vidare køyring, og ein sjåfør som fekk gebyr for å bruka ein uregistrert personbil.