Finn VP-nissen og vinn Dalegenser
Plus
- desember startar Vaksdalposten sin julekalender pÄ VP.no. Kvar dag fram til julaftan er VP-nissen pÄ besÞk ein stad i omrÄdet vÄrt.
Flax-kalender kvar dag
Dalegenser
VP-nissen har blinka seg ut 24 lokale stader, og oppgÄva er Ä finna ut kvar nissen er pÄ julebesÞk. NÄr ein trur ein har avslÞrt nissen, sÄ sender ein svaret pÄ e-post til: jul@vp.no
Hugs ogsÄ eige namn og mobilnummer.
Kvar dag trekker VP-nissen ut ein Flax-kalender til ein heldig vinnar som har sendt inn riktig svar. Har du hellet med deg, kan du skrapa fram ein verkeleg storpremie.
Kven som er dagsvinnar ser du pÄ VP.no
Det er ikkje tilfeldig at VP-nissen er kledd i ein flott genser frÄ Dale of Norway. For nÄr 24. desember er unnagjort, samlar VP-nissen alle svara pÄ dei ulike datoane og trekkjer ut hovudpremien pÄ julekalenderen. Dette er ein valfri Dalegenser til ein verdi av inntil 3.499 kroner. Det lÞnner seg Ä vera med Ä tippa flest mogleg gongar, jo fleire innsende rette svar, jo fleire lodd har du nÄr hovudpremien skal trekkjast.
Kor vanskeleg det er Ä finna ut kvar nissen til VP er kvar dag, vil nok variera, frÄ dag til dag og etter kor kjent du er.
Dessutan er VP-nissen ein lite luring ...