Skipstunnelen ved Stad — ei investering i tryggleik, klima og framtid
Plus
Når nøkkeltala for Stad skipstunnel no er offentleggjorde, kjem debatten lett til å dreie seg om kva som løner seg økonomisk. Men vi meiner at noko heilt anna bør styre diskusjonen: korleis skipstunnelen styrkjer tryggleiken for dei som har arbeidsplassen sin på Stad‑havet, betre arbeidsvilkår, klimagunstig transport og framtidsretta næringsutvikling langs heile kysten. Investering i tryggleik lèt seg uansett rekne på — for kvar krone som blir investert, får samfunnet att om lag 2,2 kroner.
Dette er meir enneit transporttiltak. Stad skipstunnel er eit sirkulærøkonomisk prosjekt i stor skala: steinmassar frå tunnelboring kan nyttast til hamneutvikling, næringsområde, sjøutfyllingar og klimavenlege byggeprosjekt. Slik reduserer vi behovet for uttak av nye massar, avgrensar utslepp frå transport og skapar store lokale og regionale verdiar. I ei tid der «bruk det vi allereie har» er ein av dei viktigaste klimareglane, gir dette prosjektet ei sjeldan moglegheit til å vise korleis statlege investeringar kan leggje grunnlag for sirkulær vekst, ikkje sløsing.
Skipstunnelengjev Noreg ei ny, sikker og føreseieleg skipslei tilpassa heile flåten — inkludert Kystruten og Hurtigruten, som Kystverket peikar på. Dette er ikkje eit prosjekt for særinteresser, men ei ny trafikkåre som opnar for stabil og miljøvenleg sjøtransport langs ein av kystens viktigaste strekningar. Stabil drift og redusert ventetid betyr mindre drivstoffbruk, færre avbrot og eit meir effektivt transportsystem — i tråd med nasjonale mål for grønn omstilling.
Båreforholda på Stad er særs krevjande, og sjøfolka våre kjenner desse forholda på kroppen kvar dag. Usikre passasjar skapar kontinuerleg stress og ei psykososial belastning som oftast blir undervurdert. Skipstunnelen fjerner ei viktig kjelde til uvisse og endrar ikkje berre risiko, men arbeidskvardagen for dei som sørgjer for at kysttransporten går. Dei som har Stad‑havet som fast arbeidsplass, har i praksis ikkje HMS — men HMF: Helse, miljø og flaks. Vi har investert i arbeidsfolks tryggleik på land i generasjonar; no må vi gjere det same til sjøs.
Miljøgevinstane er klare: mindre ventetid og færre omseglingar reduserer drivstofforbruket og dermed utsleppa. Ei trygg og stabil lei gjer det også enklare å flytte meir gods frå veg til sjø — eitt av dei mest effektive tiltaka vi har for å kutte klimagassar i transportsektoren. Dette er ikkje symbolpolitikk, men konkrete, målretta klimatiltak.
Stad skipstunnelviser kor viktig Vestlandet er for Noreg si grøne omstilling. Når statlege investeringar utløyser både sirkulærøkonomiske gevinstar og meir miljøvennleg sjøtransport, synleggjer vi kva grøn industri betyr i praksis — og kvar dei store verdikjedene kan finne feste.
Stortinget har alt vedteke at arbeidet skal førast vidare. Kystverket arbeider no mot nytt styringsgrunnlag våren 2026. Prosjektet er modent, behovet er dokumentert, og gevinstane for arbeidsplassar, tryggleik og klima er reelle. Difor handlar debatten no ikkje først og fremst om tal, men om kva veg Noreg vil gå.
Vi meiner valet er klart:Kysten treng skipstunnelen.Sjøfolka treng skipstunnelen.Klimaet tener på skipstunnelen.Og Vestlandet — motoren i det grøne skiftet — treng at Noreg faktisk gjennomfører.
Ny pris for Stad skipstunnel: 8,6 milliardar kroner
Ordførarane meiner skipstunnelen kan bli langt billegare
Ny innsatsgruppe skal mobilisere for Stad skipstunnel