Difor stengjer vi kommentarfelta «utanfor kontortid»
Plus
Eit stadig hardare debattklima krev hardare tiltak.
Hugsar du tilbaketil internett og facebook si uskuldige barndomstid? Då det gjekk opp for mange av oss kva verktøy vi brått hadde fått i hendene – og det heilt gratis?
Folk var yre, glade og optimistiske: No kunne vi med eit tastetrykk ha nær kontakt med onkel Olav i Steinkjer, med besta på Røros og med utflytte studentar i Bergen. Og ikkje minst: Vi kunne vere våre eigne debattredaktørar og seie vår hjartans meining om stort og smått, gjerne basert på kva riksaviser og lokalaviser skreiv om.
Éin ting kan vi vel vere samde om: Det blei ikkje heilt slik, ikkje sant?
Dei fleste aviser har for lengst etablert kommentarfelt under sakene sine. I tillegg deler dei mykje av dei dei publiserer på sosiale medium, der særleg facebook er ein viktig trafikkdrivar for nett- og mobilavisene. Samtidig har avisene også utvida opningstidene sine. Sjølv små lokalaviser med ei handfull tilsette – som Firdaposten – har no bemanna redaksjonar frå klokka seks-halv sju om morgonen, og til seine kvelden. Det har vi fordi publikum forventar det av oss: Lokalavisa si viktigaste oppgåve er å halde folk oppdatert på lokalsamfunnet sitt, anten hendingane skjer på dag, kveld eller natt.
sitat svend
Men lokalavisahar også eit anna viktig samfunnsoppdrag: Å bidra til, og legge til rette for ein opplyst debatt og eit konstruktivt ordskifte.
Det er her mange aviser hamnar i spagaten. Arbeidsoppgåvene og opningstidene aukar, men samtidig har dei færraste avisene økonomi til å tilsetje mange ekstra journalistar. Resultatet er det Firdaposten har opplevd den seinare tida: At kommentarfelta blir fylt med ytringar som ikkje toler dagens lys – og at vi må bruke altfor mykje ressursar på å moderere debatt, eller å halde folk i øyrene, om du vil.
Firdaposten tek no konsekvensen av dette.Gjeldande frå denne veka, vil det berre vere råd å ytre seg i kommentarfelta våre mellom klokka sju og klokka 16. Vi gjer dette for å ha betre kontroll med kven som skriv kva, og for å kunne moderere debattane. Som publisistar er vi juridisk ansvarlege for det som blir ytra. Dermed må vi ha styring på at debattar og diskusjonar held seg innafor lova, skjer i sømmelege former – og at det som blir diskutert faktisk handlar om det same som vi skriv om.
Dei fleste som har følgd Firdaposten og andre aviser sine kommentarfelt dei siste åra, kan sikkert skrive under på at det ikkje alltid er tilfellet. Folk skriv i affekt. Folk angrip person, ikkje sak. Folk ytrar seg anonymt, eller via falske profilar. Folk framstiller personlege synspunkt som fakta. Folk tek opp heilt andre problemstillingar enn det saka forsøker å belyse.
Når Firdaposteni løpet av ei produksjonsveke generer opp mot hundre kommentarfelt, facebook-postane inkludert, så blir den totale mengda med disksjonar som skal overvakast, altfor stor. Dette er bakgrunnen for vedtaket vårt om ei innstramming. Det handlar ikkje om sensur. Ikkje om knebling – og ikkje om å gjere livet meir komfortabelt for oss sjølve. Vi gjer det ikkje minst for deg som lesar, for den stadig aukande tidsmengda vi må bruke for overvake lokaldebattane, skulle vi mykje heller brukt til å gi deg meir lokale nyheiter.
Så håpar viat det noko snevrare debattrommet vi tilbyr framover, kan vegast opp av at det har høgare kvalitet. Det kan også du som lesar bidra til, gjennom:
- Å lese debattreglane våre ein gong til
- Å teste det du har skrive før du publiserer, med følgjande spørsmål: Kunne eg sagt dette ansikt til ansikt til vedkomande?
- Å spørje seg: Tilfører eg saka/debatten noko nytt?
Vi trur kommentarfelt og debatt-trådar har livets rett også i framtida. Moglegheita vi har til å ytre oss, som borgarar i eit fritt demokrati, er altfor viktig å skusle bort. Men det fordrar at vi alle tek eit ansvar, både vi som lokalavis og de lesarane som debattantar, for å skape eit debattklima som inviterer folk inn, i staden for å skremme folk bort.