Herold

Set inn ekstra tiltak for å få fleire flyktningar i jobb

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Liv Standal Published: 2026-03-18 23:27:00
Set inn ekstra tiltak for å få fleire flyktningar i jobb

Kinn kommune har busett 645 flyktningar sidan 2022, dei fleste frå Ukraina. No vil Kurs KF sette i gang eit prosjekt for å få fleire ut i jobb.

I 2024 deltok 237 personar i introduksjonsprogrammet, og 58,2 prosent gjekk direkte ut i arbeid eller utdanning etterpå. I fjor vart 57,8 prosent av dei 190 deltakarane sysselsette etter endt program. Gjennomsnittet på landsbasis er 41 prosent, så Kinn kommune er altså gode på dette.

Oppsummering 'Kort oppsummert'

For kort tid for ein del

Likevel ser ein at det er krevjande å få flyktningar med kort introduksjonsprogram ut i arbeid, og det betyr at Kinn kommunes utgifter til sosialhjelp aukar. Vanlegvis går programmet over to til tre år. Men dei fleste av flyktningane som har blitt busette dei siste åra – ukrainarar med minimum vidaregåande utdanning – har hatt ei maksimallengd på eitt år. Det betyr avgrensa med tid til både å lære seg norsk og til arbeidsretta tiltak.

Dagleg leiar ved Kurs KF, Eva Melvær Langaas, seier at dette i all hovudsak dreiar seg om ukrainarar som er her på midlertidig kollektivt vern. Ho forklarar at lengda på introduksjonsprogrammet blir avgjort av kor mykje utdanning dei har frå heimlandet.

– Så godt som alle ukrainarar har vidaregåande skule, og då får dei berre rett til eitt års introduksjonsprogram. Og då regjeringa innførte midlertidige forskriftsendringar på midlertidig kollektivt vern, la dei til grunn av ukrainarar hadde ein god del betre engelskkunnskapar enn det det viste seg at dei hadde.

Langaas seier at dette er noko alle kommunar rapporterer om: At hovudbarrieren for å få folk ut i jobb er kort programtid.

– Ein del klarar å lære godt nok norsk til å få jobb på eitt år, men nokre gjer det ikkje. Det er individuelt og avhengig av mange faktorar kor enkelt det er å lære eit heilt nytt språk i vaksen alder.

20 millionar i sosialhjelp

Det korte introduksjonsprogrammet handlar som nemnt om utdanningsnivået frå heimlandet.

– Det blir stadig trongare rammer for introduksjonsprogram og integreringsarbeid etterkvart som lovverket blir meir detaljert og rettigheitsbasert, seier Langaas.

I fjerde kvartal av 2025 hadde 61 flyktningar i Kinn sosialhjelp som viktigaste inntekt, og minst halvparten av dei var under 60 år. For heile fjoråret blei det utbetalt omkring 20 millionar kroner til sosialhjelp og kvalifiseringprogram for flyktningar busette etter 2021.

Difor vil Kurs KF no bruke inntil fem millionar kroner av disposisjonsfondet til målretta tiltak for å få fleire i jobb. Kurs KF sitt driftsresultat for 2025 landa på 15,8 millionar, noko som var betre enn forventa. Det er nokre av desse pengane Kurs KF ønskjer å bruke på å få fleire flyktningar i arbeid.

Frå to til 20

Prosjektet Ressurspool er tenkt som eit tiltak der deltakarane blir midlertidig tilsette i Kurs KF i eit prosjektstilling i seks månader.

Dei skal ut og jobbe i kommunale einingar eller private bedrifter som har behov for å hjelp til å løyse oppgåver. Det blir streka under at desse ikkje skal komme i staden for ordinære tilsette, men vere eit tillegg som kan bidra til å avlaste.

Det blir også lagt opp til eit samarbeid med private bedrifter og utviklingsaktørar med eit mål om å utvide prosjektet til fleire arbeidsgivarar. Det er tenkt ein forsiktig oppstart med to personar som kan utvidast til 20, dersom finansieringa kjem på plass. Kostnaden skal dekkjast av Kurs KF og integreringstilskot, pluss at ein reknar inn ein reduksjon i sosialhjelpsutgifter.

Styret i Kurs KF hadde møte tysdag. Dei er positive til prosjektet og vil ha det inn i revidert budsjett. Deretter må saka opp i kommunestyret fordi det er snakk om midlar som står på disposisjonsfond.

– Vi håpar å kunne starte med piloten så snart som mogleg. Men vi må vente på klarsignal frå kommunestyret, forhåpentlegvis etter at dei har hatt møte i april, seier Langaas.

Liv Tips meg

🏷️ Extracted Entities (7)

Styret i Kurs KF (organization) Kinn (entity) Eva Melvær Langaas (person) Liv Tips (person) Oppsummering Kort (person) Prosjektet Ressurspool (person) Ukraina (entity)