Herold

Over 2000 i Sunnfjord har søkt. Snart går fristen ut

Plus
Kilde: Firda Author: Einar Lundsør Published: 2026-03-19 08:30:06
Over 2000 i Sunnfjord har søkt. Snart går fristen ut

Lyst på pengar? Då må du hugse ein ting.

Og det er å søke!

Om du har studiegjeld, då. Gjeldssletteordninga gir alle som bur i Sogn og Fjordane og som har studiegjeld moglegheita til å få 25.000 kroner kutta vekk frå gjelda i året.

Du må ha vore i jobb i minst eitt år før du kan søke, og ha budd i ein distriktskommune (som alle kommunar i Sogn og Fjordane tel som) i minst eitt år.

Fristen for å søke om 25.000 kroner i gjeldskutt går ut 31. mars.

I dag kan du søke om å få sletta studiegjeld

Så langt har 2056 personar i Sunnfjord kommune søkt. Det er klart mest av alle kommunar. Men så er og Sunnfjord kommune den klart mest folkerike kommunane av alle som er med i ordninga.

I sitt første forslag til statsbudsjett foreslo Arbeidarpartiet å ta vekk kommunegruppa mellom anna Sunnfjord, Kinn og Sogndal er i. Kuttet i ordninga, som var eit av valløfta til Ap og hjartesakene til Senterpartiet, blei tatt inn igjen som eit krav frå Sp til å i det heile gå inn i budsjettforhandlingane.

Støre seier unnskyld for Sogn og Fjordane-løgnene

12.177 personar i Vestland fylke har søkt. Det er dobbelt så mange som neste fylke på lista, Nordland.

Om du flytta til Sogn og Fjordane seinare enn 1. januar 2025, har du litt lengre frist på deg; fristen er alltid tre månadar etter oppteningstid.

– No har dei rydda opp, og det er viktig. Det handlar om tillit

🏷️ Extracted Entities (11)

Sunnfjord (place) Fjordane (entity) Sogn (entity) Ap (entity) Arbeidarpartiet (entity) Kinn (entity) Nordland (place) Senterpartiet (entity) Sogndal (place) Sp (entity) Vestland (place)