Kjernekraft som retorikk, vindkraft som realitet?
Plus
I Utval for næring og miljø i Sunnfjord kommune 11.02.2026 fremja Mathias Råheim (H) eit tilleggsframlegg om at bruk av små modulære kjernekraftverk (SMR) burde greiast ut frå 2030 i energiplanen for Moskog næringspark. Samstundes viser analysen frå Asplan Viak at tidlegaste realistiske bruk av slik teknologi ligg rundt 2040. I utvalet stemde ni for framlegget og ein mot.
Samtidig ligg det føre eit konkret forslag om vindkraft på Snøheia og Høyangerfjellet. Dette kan gi kommunen mellom 40 og 50 millionar kroner årleg i inntekter og 8–9 millionar til grunneigarane. Fleirtalet av grunneigarane har alt skrive under avtale med utbyggjarane.
At delar av Sunnfjord Høgre på denne bakgrunnen frontar kjernekraft som alternativ, samstundes som dei går mot ei konsekvensutgreiing av vindkraft på Snøheia og Høyangerfjellet, er vanskeleg å forstå. Sjølv Naturvernforbundet meiner at kjernekraft er meir problematisk enn vindkraft. Framlegget i utvalet representerer heller ikkje nødvendigvis eit syn fleirtalet i Sunnfjord Høgre deler.
I energidebatten er det lett å bli oppteken av symbol og prinsipielle standpunkt. Samstundes krev energipolitikk nøkterne vurderingar av teknologi, tidslinjer og konsekvensar. Det gjeld også i diskusjonen som no går i Sunnfjord.
For nokre år sidan var Hogne Hongset på eit folkemøte i Høyanger og argumenterte for at Høyanger burde satse på atomkraft i staden for vindkraft på fjella mellom Høyanger og Sunnfjord. Dette synet har han sidan fremja i ei rekkje avisinnlegg rundt om i landet. Seinast i debatten om straum til Melkøya i Finnmark, der han tok til orde for at eit atomkraftverk i Alta kunne løyse energibehovet.
Hongset og Harald Kjelstad er begge oppførte som rådgjevarar for Motvind Norge. Organisasjonen motarbeider vindkraftprosjekt over heile landet, ofte med argumentet om at ein i staden bør satse på små modulære kjernekraftverk (SMR). Samstundes høyrer ein lite om kva utfordringar og faremoment denne typen energiproduksjon også kan innebere.
Naturvernforbundet har i sine vedtekter motstand mot atomkraft. Dei seier at kjernekraft berre bør vurderast som siste utveg dersom ein ikkje har andre energikjelder tilgjengeleg.
Ser vi på dei lokale forholda, skal Harald Kjelstad visstnok ha halde foredrag for sunnfjordpolitikarar, mellom andre Ove Farsund. Ut frå det som er referert frå desse presentasjonane, verkar det som om delar av kunnskapsgrunnlaget både er utdatert og mangelfullt.
Eit sentralt spørsmål er handtering av radioaktivt avfall frå brukt kjernekraftbrensel. Slikt avfall har ei halveringstid på rundt 100 000 år, det same som om lag to istider. Norge har i dag ingen permanent lagringsløysing for slikt avfall. Til samanlikning har avfall frå medisinsk bruk, forsking og boreslam frå oljeverksemd ei halveringstid på 5 til 30 år. Dette handterer vi i Norge.
Institutt for energiteknikk (IFE) har i dag om lag 550 tilsette. I underkant av 200 arbeider med drift og sikring av atomanlegget på Kjeller, medan rundt 90 jobbar opp mot den internasjonale kjernekraftindustrien, primært knytt til tryggleik. IFE fører ikkje kontroll med kjernekraftverk i 40 land i verda, slik ein av og til kan få inntrykk av. Det er heller ikkje så mange land som har kjernekraftverk.
Samtidig skjer det no konkrete prosessar i Norge. Utgreiingsprogrammet for eit mogleg kjernekraftverk i Taftøy næringspark i Heim og Aure kommunar er vedteke. I kravdokumentet heiter det i kapittel 4.2
«Beskrive heile forsyningskjeda for atombrensel frå opphavsstaden og fram til bruk på kjernekraftverket. Skildringa skal inkludere transport og eventuell lagring og andre handteringsledd.»
Dette illustrerer kor omfattande problemstillinga er. Per i dag har vi ikkje ein gong lagringsplass for brukt kjernebrensel i Norge.
Til slutt vil eg oppmode alle i Sunnfjord kommune som meiner at ein skal ta i bruk dei naturressursane vi har, og som kan gje inntekt til kommunen og privatpersonar, om å engasjere seg. Meld dykk gjerne inn i Sunnfjord Høgre for å påverke. Vi er glade for kvart nytt medlem.
– Ikkje eg som bestemmer om Moskog er den beste staden for kjernekraftverk
Er innbyggjarar i distrikta kunnskapsløyse?