Stortinget vil ha ny utgreiing av avløpsdirektiv
Plus
Regjeringa er i Brussel for å forhandle om EUs reviderte avløpsdirektiv, som kan gje store kostnadsaukar for norske hushald, særleg i kystkommunar.
Direktivet stiller krav om strengare reinsing av nitrogen, fosfor og mikroforureining, og Noreg ønskjer tilpassing til lokale forhold som fjordar, kaldt klima og spreidd busetnad. Stortinget krev ei ny utgreiing av konsekvensane før direktivet blir implementert i norsk rett , skriv NRK.
– Eg opplever at vi har diskutert godt dei utfordringane vi har. Det er mange anlegg i Noreg som må oppgraderast på kort sikt, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) til NRK.
Kostnadane kan bli store. I Øygarden kan avløpsgebyret auke frå 7.400 til 14.000 kroner årleg utan nasjonale justeringar. Ordførar Tom Georg Indrevik peiker på at direktivet er viktig for reinare hav, men at prisauken kan vere tyngande:
– Om ikkje Noreg gjer justeringar i det nasjonale regelverket, kan dette bli veldig kostbart, åtvarar ordføraren.
Ifølgje Stortinget manglar det ein full oversikt over kven som blir ramma hardast, og kor mykje dette vil koste innbyggarane. Dette må liggje føre før direktivet blir teke inn i norsk lov.
Miljødirektoratet anslår totalkostnader på 33 milliardar kroner, medan Menon Economics meiner Noreg kan spare inntil 25 milliardar dersom definisjonen av «tettgrend» blir endra.
(©NPK)