Herold

Bare éin tommel opp for ny privatskule

Plus
Kilde: Dalane Tidende Author: Keth Odland Published: 2026-03-19 15:00:00
Bare éin tommel opp for ny privatskule

Mot KrF si eine stemme sa formannskapet i Bjerkreim seg einig i kommunedirektøren si negative haldning til Eikely skole.

Ikkje alle i Bjerkreim formannskap kunne stilla seg bak oppvekstsjef Kari Anne Bergøy sitt forslag til uttale om privateskuleinitiativet i Eigersund. Motforslaget kom frå Børge Vassbø (KrF). I staden for ein negativ uttale på to sider ønskte han at Bjerkreim kommune skulle senda nabokommunen éi positiv setning: «Bjerkreim kommune stiller seg positiv til søknad om etablering av Eikely skule som privat grunnskule.»

Invitert til å uttala seg

Alle Dalane-kommunane er inviterte til å koma med innspel i forbindelse med Eigersund kommune si behandling av søknaden frå Eikely skole om godkjenning som privatskule. Det er Utdanningsdirektoratet som skal fatta vedtak i saka, men vertskommunen, altså Eigersund, har rett til å uttala seg. Dét skal kommunen gjera etter politisk behandling.

Vil starte ny privatskole i Eigersund: – Tar ansvar for foreldre som ønsker et kristent alternativ

Grunnen til at kommunalsjef Jan Harald Forsmo i Eigersund ønsker innspel frå dei andre kommunane i Dalane, er at Eikely skole ser føre seg å ha heile Dalane som inntaksområde. Uttalane frå nabokommunane blir ein del av grunnlaget for saka Forsmo skal legga fram for eigersundspolitikarane i mai.

Ser ei rekke negative konsekvensar

Kari Anne Bergøy er ikkje begeistra for tanken om ein ny privatskule med opptil 80 elevplassar på 1. til 10. trinn, og med eit antatt elevgrunnlag på 20 ved oppstart hausten 2027. I den foreslåtte uttalen konkluderer ho med at Bjerkreim kommune stiller seg negativ til etableringa av ein ny privat skule i Eigersund då ei slik etablering vil kunna få negative konsekvensar for oppvekstmiljøet, elevgrunnlaget og berekrafta i Bjerkreim kommune sitt skule- og tenestetilbod.

Med unntak av Vassbø støtta formannskapet Bergøy sitt forslag til uttale.

Saka har òg vore innom ungdomsrådet, der alle stilte seg bak oppvekstsjefen sitt forslag. Kommunestyret seier sitt tysdag i neste veke.

Uttaler seg om privatskuleplanane: Slik stiller nabokommunen seg

🏷️ Extracted Entities (9)

Bjerkreim (entity) Eigersund (place) Dalane (entity) Eikely (entity) Kari Anne Bergøy (person) Børge Vassbø KrF (organization) Jan Harald Forsmo (person) Utdanningsdirektoratet (entity) Vassbø (entity)