Ein kveld i songens og musikkens teikn
Plus
Måndag kveld inviterte Høre mannskor til allsong- og kulturkveld på Høre samfunnshus.
Dette er ein del av samarbeidet Vangskoret og Høre mannskor har hatt for å få fleire til å bli med å synge i kor i Vang. Det er ei kjent sak at det er ei utfordring å få med nok songarar i kora.
Gjennomsnittsalderen er forholdsvis høg, så ynskje er at den «yngre garde» og skal sjå den store verdien av å synge i kor.
Vangskoret stod for ein songkveld på biblioteket i Vang hausten 2025 og no var det Høre mannskor sin tur.
Høre mannskor opna med å synge 2 songar. Leiar i koret, Helge Lajord, innleia med å ynskje alle velkomne. Han understreka den sosiale og trivielle delen av å synge i kor, uansett alder.
I dagens samfunn er ordet BEREDSKAP høgst aktuelt. I dette ordet legg me tilgang på mat, drikke, kommunikasjon m.m. Men kva med den psykiske beredskapen?
Me treng i desse tider og å tenkje på anna enn krig og elendigheit. Dette å koma saman og oppleve kulturelle ting saman gjer oss sterkare reint psykisk og gjer og at me som personar byggjer opp ein nødvendig beredskap.
Vangskoret og Høre mannskor song i 2 bolkar. Dirigentane i Høre mannskor og Vangskoret er høvesvis Oddbjørn Skeie og Elvira Rud. Det var og mykje allsong med kjende og kjære songar til tonefylgje av Alistair Peters.
Elvira Rud og Alistair Peters briljerte med firhendig piano på fleire stykke. På nokre av stykka var og Marco Oggel med å spelte flotte tonar på saksofon, ein spesiell og flott oppleving.
Mannskoret stilte med kaffe og kake til alle deltakande på kvelden.
Initiativet frå kora i Vang ser ut til å ha gitt resultat, GLEDELEG!