Herold

Bil hamna på sida i grøfta – førar frakta til sjukehus med luftambulanse

Plus
Kilde: NH Author: Vegard Flatøy Published: 2026-03-18 16:44:00
Bil hamna på sida i grøfta – førar frakta til sjukehus med luftambulanse

Naudetatane rykte ut mot Kolås onsdag ettermiddag.

Klokka 16:37 fekk Vest politidistrikt inn ei melding om ei trafikkulykke på Mongstadvegen fylkesveg 57.

Det skal vere snakk om ei singelulykke. Ein bil køyrde av vegen og låg på sida i grøfta. Ulykka skjedde mellom Lammeneset og Kolås.

Ein mannleg bilførar blei frakta i luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus etter hendinga.

Skadeomfanget er framleis ukjend. Det er også årsaka til ulykka, opplyser politiet.

Naudetatane blei varsla om hendinga via E-Call.

Opprydning

– Vegen er venta å opne om ikkje lenge.

Det kunne Nils Medaas i Nordhordland brann og redning fortelje NH klokka 17:45 onsdag.

Då dreiv naudetatane å dirigerte trafikken manuelt forbi ulykkesstaden, medan opprydningsarbeidet gjekk føre seg.

Operasjonsleiar i politiet, Morten Rebnord opplyste klokka 18:04 om at bilen var fjerna frå staden og at vegbana var open igjen.

– Vi har ingen oppdatering på skadeomfanget på føraren.

Saka blir etterforska vidare ved Nordhordland politistasjon.

🏷️ Extracted Entities (9)

Kolås (place) Nordhordland (place) E-Call (entity) Haukeland (place) Lammeneset (entity) Mongstadvegen (entity) Morten Rebnord (person) Nils Medaas (person) Vest (entity)