Herold

Idéane har vore der heile livet – no har Gard ein som kan bli det heilt store

Plus
Kilde: NH Author: Vegard Flatøy Published: 2026-03-18 23:01:00
Idéane har vore der heile livet – no har Gard ein som kan bli det heilt store

Timeplanen til Gard Legernes er av det svært hektiske slaget. Men det er slik han vil ha det.

– Det har vore hos meg så lenge eg kan hugse.

I hovudet til Gard Legernes spinn det heile tida nye idéar, prosjekt og tankar om korleis ein kan gjere ting betre. Og slik har det alltid vore.

No er Legernes og makkeren, Vegard Rose, i gang med å utvikle appen Ryddehjelpen, som skal gjere flytteprosessar enklare.

– Eg har jo stått oppe i det sjølv ein del gonger. Eg har hjelpt familien med flytting og eg har arbeidd som tømrar.

Betre oversikt

Legernes tenkte det burde vore ein betre måte å organisere dette på. I appen kan seljar, eigedomsmeklar, stylist og flyttebyrå dele informasjon på éi felles plattform. Målet er betre oversikt over kva eigedelar som skal bli med vidare, kva som skal stå att til visning, og kva som skal fjernast.

– Flytting kan vere ein krevjande prosess for mange, seier Legernes.

Særleg ved kjøp og sal av bustader trur han appen kan vere nyttig. Difor er han no i dialog med meklarar om produktet.

– Det er eit liv i høggir

Utvikling av nye idéar og prosjekt er altoppslukande. Og Legernes er påskrudd til alle tider av døgnet.

– Eg og Vegard pratar saman heile tida og hovudet er konstant i arbeid. Det er telefonar og epostar tidleg og seint.

I tillegg studerer han til maskiningeniør og skriv i desse dagar bacheloroppgåve.

– Det er eit liv i høggir, seier gründeren, som attpåtil snik inn ein eller to treningsøkter for dagen.

Han fortel at det er ei ibuande lyst til å skape noko som er drivkrafta.

– Sofaen freistar ikkje. Eg ønsker å kome meg framover, det er alltid gøy å finne på ting.

God hjelp

Det krev mykje å skulle ta ein idé frå tankestadiet til verkelegheita og vegen er som oftast ikkje rett fram.

– Det er mykje nei og ting som aldri endar opp med noko. Men plutseleg får ein eit ja og får fart på ting.

Han rosar samarbeidet med medgründeren og hjelpa dei får frå Industriutvikling vest.

– Dei har vore gode å ha som støtte i utviklinga og prosessen.

– Då har eg i allefall prøvd

Som om ikkje døgnet var fullt nok frå før, har Legernes også levert ein patentsøknad for eit anna prosjekt. Det er ei løysing innan redning for yrkesdykkarar.

Akkurat dette kan han ikkje seie så mykje om på noverande tidspunkt, men er tydeleg på at han har tru på også dette prosjektet.

Samstundes er han klar på at det ikkje er garantert at alle idéar kjem til live.

– Det har vore mange idéar eg har arbeidd med gjennom åra. Det er ikkje alt som blir noko av, men då har eg i allefall prøvd.

🏷️ Extracted Entities (4)

Gard Legernes (person) Vegard Rose (person) Industriutvikling (entity) Ryddehjelpen (entity)