Herold

Terrengbrannen i Ålesund: Evakuerte får ikkje flytte heim likevel

Kilde: NRK Author: Annabelle Kårvåg Sørensen Published: 2026-03-18 04:38:56 Last updated: 2026-03-18 21:49:49
Terrengbrannen i Ålesund: Evakuerte får ikkje flytte heim likevel

Regn og kontinuerleg vassbombing av fjellet med helikopter, gav håp for dei evakuerte i Ålesund. Klokka 22 kom kontrabeskjeden: Dei får ikkje flytte heim i kveld.

Onsdag kveld er det periodevis med regn i området ved Sukkertoppen i Ålesund, der det har brunne i terrenget sidan i går ettermiddag.

Store delar av onsdagen har helikopter spylt brannområdet med vatn.

Det gjorde at politiet sa at dei 292 evakuerte personane kanskje kunne få flytte heim rundt klokka 20 i kveld.

Men like før klokka 22 skriv politiet at dei likevel ikkje kan det.

«Bilete frå dronar viser at det framleis er noko varmeaktivitet i fjellet. Det er derfor bestemt at evakueringa oppretthaldes gjennom natta».

Ei ny vurdering vil bli tatt i morgon tidleg klokka 08, skriv dei.

– Viss alt går som vi håpar og trur, ønskjer vi å la evakuerte komme heim til bustadane sine.

Det sa innsatsleiar i politiet Christian Vegsund til NRK rundt klokka 19:15.

Christian Vegsund, innsatsleiar i politiet.

Vegsund sa at dei ikkje hadde full kontroll på brannen enno.

– Men vi har ikkje sett flammar eller røyk på ei god stund.

Dei hadde då drone oppe for å sjå på brannområdet.

Innsatsleiar i brannvesenet Trond Andreassen sa at dei har sett område som ser bra ut, men nokre som er meir uklare.

Det var derfor uklart om alleevakuerte fekk flytte heim.

– Krevjande døgn

I 15-tida sa brannsjef i Ålesund Sindre Egeness at situasjonen framleis er uavklart.

– Det er ein situasjon som kan endre seg ganske raskt, basert på vêr- og vindforholda.

Egeness opplyste at dei bruker drone til å identifisere dei mest risikofylte områda.

– Det er framleis små brannar i terrenget og mykje varme i skogen og lyngen. Vi jobbar med å få sløkke brannen heilt.

Brannsjef i Ålesund, Sindre Egeness, seier at det framleis er mykje skog, gras og lyng som kan brenne på Sukkertoppen i Ålesund.

Det siste døgnet har mange vore i aksjon for å stoppe brannen og hindre at den når bustadar.

– Det har vore eit krevjande døgn. Dette pushar kapasiteten til brann- og redningstenesta. Takka vere gode naboar og støtte frå andre så har vi klart dette på ein god måte.

Mannskap frå politi, brannvesenet og Sivilforsvaret har vore i aksjon det siste døgnet.

Meir kontroll

Tidlegare i dag meldte politiet at ein sakte, men sikkert byrja å få litt betre kontroll på brannen.

Samtidig fortalde innsatsleiar i politiet Siri Løndal at det framleis var mykje varme i terrenget, og at vêret ikkje var på deira side.

– Vêret spelar oss eit puss. I det eine augeblikket har vi god kontroll, og så kjem det eit vindpådrag som gjer situasjonen heilt annleis.

Brannhelikopter har vore i lufta delar av dagen, men vêrforholda har skapt utfordringar.

Brannhelikopter har vore i lufta delar av onsdagen, men vêrforholda har skapt vanskelege flygeforhold.

– Helikoptera hadde god effekt på sløkkinga i starten, og vi har brukt nesten 90.000 liter vatn for å sløkke brannen, sa Løndal.

I tillegg har bakkemannskap vore i aksjon.

Politi og brannvesen har hatt eit travelt døgn.

Slik utvikla brannen seg.

Jobbar med å finne årsaka

Det er framleis uavklart korleis brannen starta. Tony Gjerde i politiet sa tidlegare i dag at dei er interesserte i tips.

– Spesielt frå personar som har oppheldt seg i område ved Tueneset i går i forkant av brannen. Vi ber folk ha låg terskel for å kontakte oss.

Han sa at dei har fått ein del tips allereie.

– Vi undersøker desse tipsa, men eg ønskjer ikkje å gå nærare inn på innhaldet i desse.

– Har de konkrete mistenkte eller ein mistanke?

– Nei. Vi jobbar med brei informasjonshenting for å skaffe oss eit best mogleg grunnlag for etterforskinga vidare.

Ferdselsforbod

Politiet har bestemt at det blir ferdselsforbod i område rundt heile Sukkertoppen i to dagar.

Forbodet gjeld Sukkertoppen, Tueneset, Hessa og Skarbøvik. Det er både i terreng og utanfor veg og busetnad.

Sukkertoppen er eit populært turmål for mange på Hessa og i resten av Ålesund.

Ferdsels- og opphaldsforbodet gjeld frå onsdag føremiddag til fredag klokka 14.00, før det blir tatt ei ny vurdering.

Kartet viser ferdselsforbodet i ytre bydel i Ålesund.

– Nære på

Det blei nokre dramatiske timar då brannen herja tysdag kveld og natt til onsdag.

– Det har vore på nære nippet med enkelte bustader, sa innsatsleiar i politiet Olav Ramnefjell onsdag morgon.

Brannvesenet jobba gjennom heile natta for å sløkke brannen på Sukkertoppen i Ålesund, og dei følgde nøye med på bevegelsane til flammane.

Onsdag morgon hadde nødetatane endeleg fått hovudet over vatnet i den dramatiske terrengbrannen i Ålesund.

– Relativt roleg

Vêret spelte på lag med naudetatane natt til onsdag.

– Vêret er heldigvis med oss. Det er vått og vinden har avtatt betrakteleg samanlikna med slik det var i går, sa innsatsleiar i brannvesenet, Rolf Jarle Ødegaard, onsdag morgon.

På det tidspunktet var det berre eit mindre område som brann og det var færre opne flammar å sjå på Sukkertoppen.

Brannvesenet trur regnet som kom i løpet av natta kan ha bidrege til dette.

Rolf Jarle Ødegaard i brannvesenet.

Mange evakuerte

Dei evakuerte er innlosjerte på hotell i Ålesund og privat.

Kommunen tilbyr overnatting i eitt døgn til for dei som er på hotell.

Trond Inge Larsgård i Røde Kors har jobba med å ta imot dei evakuerte. Han seier det har vore mykje kjensler, både blant evakuerte og dei som tek hand om dei.

– Vi blir litt påverka når vi ser at folk blir emosjonelt påverka av situasjonen dei står i. Vi blir påverka av det som skjer.

Brannen har fleire gongar vore nær hus.

– Verste han har vore med på

Første melding om brannen kom rundt klokka 14.30 tysdag.

Store mannskap jobba heile tysdag og natt til onsdag med å få kontroll på brannen, men vind og utfordrande terreng gjorde jobben vanskeleg.

Brannvesenet jobba med førebyggande tiltak gjennom heile dagen og kvelden tysdag. Mellom anna spylte dei hus med kaldvatn.

Brannvesenet har mannskap frå ni stasjonar utanfor Ålesund i aksjon.

Innsatsleiar i brannvesenet Kjartan Molvær har beskrive situasjonen som det verste han har vore med på av skogbrann.

Brannvesenet har spylt hus med kaldt vatn for å unngå at dei skal gå med i brannen.

🏷️ Extracted Entities (19)

Ålesund Sindre Egeness (person) Sukkertoppen (entity) Brann i Møre og Romsdal 📁 (category) Brann på Sukkertoppen i Ålesund 📁 (category) Møre og Romsdal 📁 (category) Politisaker i Møre og Romsdal 📁 (category) Christian Vegsund (person) Hessa (entity) Rolf Jarle Ødegaard (person) Siri Løndal (person) Tueneset (entity) Kjartan Molvær (person) Olav Ramnefjell (person) Røde Kors (person) Sivilforsvaret (entity) Skarbøvik (place) Tony Gjerde (person) Trond Andreassen (person) Trond Inge Larsgård (person)

📊 Metadata

Category: Møre og Romsdal, Brann på Sukkertoppen i Ålesund, Brann i Møre og Romsdal, Politisaker i Møre og Romsdal
OpenGraph Title: Stor terrengbrann på Sukkertoppen i Ålesund
Twitter Title: Stor terrengbrann på Sukkertoppen i Ålesund