Herold

Uføre Helena fekk fast jobb gjennom Helt Med

Kilde: NRK Author: Kari Byklum Published: 2026-03-18 08:27:40 Last updated: 2026-03-18 09:53:27
Ufør og i jobb: – Livet har fått meining

Helena Skollevoll sleit med depresjon og låg sjølvtillit. Det endra seg då ho fekk fast jobb på eit omsorgssenter.

Saka oppsummert

• Helena Skollevoll gjekk frå utanforskap og depresjon til fast jobb som servicevert på Bispegra omsorgssenter. • Ho fekk jobben gjennom stiftinga Helt Med, som hjelper personar med psykisk utviklingshemming og autisme inn i arbeidslivet. • Arbeidstakarar i Helt Med beheld uføretrygda og får ei ekstra lønn frå arbeidsgivar, samtidig som dei får tett oppfølging. • Helena sitt arbeid som servicevert gir henne sjølvtillit og glede, samtidig som det frigjer tid for andre tilsette på omsorgssenteret. • 20,5 prosent av personar i yrkesaktiv alder i Noreg står utanfor arbeidslivet, noko som utgjer rundt 700.000 menneske. • Tiltak som Helt Med er avgjerande for å inkludere fleire i arbeidslivet og møte behovet for arbeidskraft i framtida.

Oppsummeringen er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalister før publisering.

– Eg gjekk på veggen heime. Sjølvtilliten var dårleg, og eg var mykje deprimert.

Slik er det ikkje lenger.

Helena Skollevoll (30) finn fram smør og sukker. Drysser kanel i bollen og set i gang kjøkkenmaskina.

Dufta av heimebakte bollar set minna i gang hos mange av dei eldre.

Snart skal ho servere kanelbollar på Bispegra omsorgssenter i Kristiansand.

– Det luktar godt med nysteikte bollar, og dei gamle seier at det minner dei om då dei budde heime.

Helena liker å spreie glede.

– Eg har fått stor kjærleik for dei gamle. Det er fint å høyre dei fortelje historier. Av og til kjem dei også med råd til oss unge.

– Kjenner meg som ein av dei andre

Helena er uføretrygda, men jobbar no fire dagar i veka som servicevert.

Ho fekk jobben gjennom stiftinga Helt Med. Dei hjelper folk med utviklingshemming eller autisme ut i det vanlege arbeidslivet.

Helena var spent før ho begynte.

Merete G. Tholin er sjefen til Helena Skollevoll. Begge skryter av samarbeidet.

– Eg var litt redd for om dei andre ville sjå ned på meg sidan eg er litt annleis.

Det skjedde ikkje.

– No kjenner eg meg som ein av dei. Det er ei god kjensle å ha eigne kollegaer og vite at «i morgon skal eg på jobb».

Ho skulle ønske fleire i hennar situasjon fekk same moglegheit.

– Vi er mange som kan noko, sjølv om vi kanskje ikkje kan jobbe kvar dag. Det er likevel viktig for oss å bli sett og forstått, og ha ein jobb som gir meir meining i livet.

700.000 utanfor arbeidslivet

700.000 i alderen 20–66 år står utanfor arbeidslivet her i landet, ifølge tal frå Nav.

Dette er folk som verken jobbar, er under høgare utdanning eller er pensjonerte.

Dei er i stor grad uføretrygda.

Det vil stiftinga Helt Med gjere noko med.

I dag er 420 menneske tilsett gjennom stiftinga. Målet er å auke med 100 nye tilsette årleg.

– Arbeidstakarane beheld uføretrygda, og mottar samtidig bonuslønn frå arbeidsgivar, tilsvarande 20 prosent av ordinær tarifflønn.

Det seier Thomas Døvik i Helt Med.

Dei som blir tilsette i ei Helt Med-stilling får tett oppfølging av eksterne jobbspesialistar i nærområdet gjennom heile arbeidsforholdet.

– Dette gjer det trygt og føreseieleg både for arbeidstakar og arbeidsgivar.

Thomas Døvik er jobbspesialist i Helt Med. Han forklarer at dei er ein brubyggar mellom uføretrygd og det ordinære arbeidslivet.

Dette er Helt Med

  • Stifting som skaper faste arbeidsplassar i ordinært arbeidsliv for personar med utviklingshemming, autisme og lærevanskar.
  • Fire vekers praksis som leier til fast jobb for cirka 80 prosent av deltakarane.
  • Arbeidstakar beheld uføretrygd og får i tillegg lønn tilsvarande minimum 20 prosent av tariff.
  • Heilt Med mottar sine driftsmiddel over statsbudsjettet, og kommunen er ein sentral bidragsytar for å gjere arbeidsinkluderinga mogleg.
  • Varig støtte frå jobbspesialist gjennom heile yrkeslivet for både tilsett og bedrift.
  • Landsdekkande i rundt 50 kommunar.
  • Tilbyr eige kompetanseprogram, sosiale samlingar og eit tryggleiksnummer.

Får ros

Merete G. Tholin er einingsleiar ved omsorgssenteret der Helena jobbar.

Ho skryter av arbeidsinnsatsen.

– Helena bidrar med praktiske oppgåver som matlaging. Dermed frigjer tid slik at for eksempel sjukepleiarar får meir tid til sjukepleiaroppgåvene sine.

Tholin er samtidig klar på at Helena ikkje er ei erstatning. Ho tar ikkje jobben frå nokon.

– Ho er ein tilleggsressurs som kjem på toppen av den ordinære bemanninga.

– Vi har fått eit rausare og meir inkluderande arbeidsmiljø etter at Helena begynte, seier Merete G. Tholin, einingsleiar på Bispegra omsorgssenter.

Bekymra for framtida

Kjell A. Kristiansen er organisasjonsdirektør i Kristiansand kommune.

Han seier at samfunnet er heilt avhengig av å få fleire ut i jobb. Samstundes er han bekymra for at det ikkje går raskt nok.

– Det blir mangel på kompetanse og arbeidskraft i åra som kjem. Derfor jobbar vi aktivt for å inkludere flest mogleg i arbeidslivet.

Kjell A. Kristiansen, organisasjonsdirektør i Kristiansand kommune.

Framleis står mange med god restarbeidsevne utanfor arbeidslivet.

– Vi er ikkje i mål. Samfunnet går glipp av mykje verdifull arbeidskraft, samtidig som det er veldig dyrt for kommunane.

Derfor rosar han initiativ som Helt Med- sjølv om han er utolmodig.

– Vi må få meir fart på å få fleire i jobb. Det er heilt nødvendig.

🏷️ Extracted Entities (15)

Helena Skollevoll (person) Helt Med (person) Agder 📁 (category) Arbeidsliv og sysselsetting 📁 (category) Arbeidsmiljø 📁 (category) Bispegra (entity) Kristiansand (place) Merete G. Tholin (person) Nav 📁 (category) Kjell A. Kristiansen (person) Thomas Døvik (person) KI (entity) Nav (entity) Noreg (entity) OpenAI (entity)

📊 Metadata

Category: Agder, Arbeidsliv og sysselsetting, Arbeidsmiljø, Nav
OpenGraph Title: Uføre Helena fekk fast jobb gjennom Helt Med
Twitter Title: Uføre Helena fekk fast jobb gjennom Helt Med