Herold

Ståle Solbakken tar ut landslagstroppen som skal teste seg mot Nederland og Sveits

Kilde: NRK Author: Åsne Margrete Kleiv Published: 2026-03-18 10:38:15 Last updated: 2026-03-18 13:11:41
Solbakken om Ødegaard: – Ikkje sikkert eg vil ha han med

Ståle Solbakken har tatt ut troppen som skal teste seg før VM i sommar. På lista står ikkje Martin Ødegaard.

I slutten av mars skal Noreg spele privatkampar mot Nederland og Sveits. Kampane blir på mange måtar ein viktig test før VM i sommar.

Onsdag tok landslagssjef Ståle Solbakken ut troppen som skal spele mot dei europeiske storlaga.

På lista står ikkje landslagskaptein Martin Ødegaard, som har slite med skadar.

– Han har vore ute lenge no og det er viktig at han får ein pust i bakken, ein god 14 dagar med trening, seier Solbakken til NRK.

Den norske troppen mot Nederland og Sveits:

Keeperar: Ørjan Håskjold Nyland, Egil Selvik og Viljar Myhra.

Forsvarsspelarar:Kristoffer Ajer, Fredrik Bjørkan, Odin Bjørtuft, Henrik Falchener, Torbjørn Heggem, Marcus Holmgren Pedersen, Julian Ryerson, David Møller Wolfe og Leo Skiri Østigård.

Midtbanespelarar: Oscar Bobb, Patrick Berg, Sander Berge, Jens Petter Hauge, Felix Horn Myhre, Andreas Schjelderup, Antonio Nusa, Morten Thorsby og Kristian Thorstvedt.

Angrepsspelarar: Alexander Sørloth, Jørgen Strand Larsen og Erling Braut Haaland.

Har spelt lite

Det har lenge vore usikkert rundt Ødegaard. Ekspertane har vore bekymra for at drammensaren har fått lite speletid i Arsenal.

Kapteinen har slite med diverse småskadar, samt ein vedvarande kneskade og spelt lite for London-klubben.

– Viss han ringjer og seier at dette går, så er eg likevel ikkje sikker på om eg vil ha han med, seier Solbakken.

Sidan Noreg vann 4-1 mot Italia på San Siro i november, har han vore utilgjengeleg i 40 prosent av Arsenal sine kampar.

Av dei kampane han har spelt, er halvparten innhopp frå benken. Han spelte heller ikkje åttedelsfinale i Meisterligaen mot Leverkusen på tysdag.

IKKJE TATT UT: Martin Ødegaard har spelt lite for klubben sin. Han er ikkje tatt ut til kampane mot Nederland og Sveits.

Ikkje bekymra

Landslagssjefen er ikkje bekymra før VM.

– Eg er ikkje så bekymra for skadane, han kjem til å få meir enn nok speletid i Arsenal før sommaren, seier Solbakken til NRK.

– Andre kan få prøve seg i desse kampane. Det kan vere det beste for han at han får litt ro no.

– Aursnes og Ødegaard kjem til å vere i den VM-troppen.

IKKJE BEKYMRA: Ståle Solbakken er ikkje bekymra før VM.

Usikkerheit rundt Haaland

Det har også vore usikkert rundt Erling Braut Haaland. Trass i at han er med i troppen, meiner Solbakken han ikkje skal spele begge kampane i mars.

– Det ville vore heilt idiotisk av meg å presse han gjennom to kampar. Han spelar maks éin, og kanskje ikkje full tid då heller, forklarar landslagssjefen og held fram:

– Det handlar om at han får henta seg litt inn no, med respekt for at me spelar privatkampar, og dei spelar berre viktige kampar. Me må bruke hovudet, for det er i juni dette tel. Og då må me ha ein frisk Erling.

Får sjansen

Bodø/Glimt har storspelt i Europa. Laget frå Nordland kom til ein historisk åttedelsfinale i Meisterligaen, der dei blei slått ut av Sporting tysdag.

Det har i samband med dette vore knytt spenning til kor mange Glimt-spelarar som kan få sjansen på landslaget. Jens Petter Hauge er tatt med i troppen.

– Hauge har vore ein matchvinnar for Bodø/Glimt, med x-faktor. Men eg synest han fell for mykje inn og ut av kampane, men har hatt den evna til å avgjere kampar, og derfor er han med. Men han må stabilisere prestasjonane i kampane betre, seier Solbakken.

MED I TROPPEN: Jens Petter Hauge jubla etter 3-0-målet mot Sporting på Aspmyra i åttedelsfinalen i Meisterligaen.

På lista står også Odin Bjørtuft og Henrik Falchener. På spørsmål om kvifor dei er med i troppen, svarar landslagssjefen:

– Det er fordi dei er gode nok. Me skal ha med fem stopparar til VM. Langås har hatt ein skade og vore ute i seks veker, kjem forhåpentlegvis i form etter landslagspausen.

Han held fram:

– Bjørtuft har tatt steg, heilt til i går. Så han vil me bli kjent med, seier Solbakken.

Kampen mot Nederland er 27. mars, medan kampen mot Sveits er 31. mars.

🔗 Related Articles (2)

View Graph
Julian Ryerson er med i Solbakkens tropp
Lyngdals Avis · 2026-03-18 12:51:32 +
Ståle Solbakken Julian Ryerson Martin Ødegaard Bodø/Glimt-forsvarer Odin Bjørtuft Erling Braut Haaland Nederland Sveits Champions League Norge ULLEVAAL STADION Nettavisen Andreas Schjelderup Antonio Nusa Arsenal Bayer Leverkusen City David Møller Wolfe Egil Selvi Felix Horn Myhre Fredrik Aursnes Fredrik Bjørkan Henrik Falchener Jens Petter Hauge Jørgen Strand Larsen Kristian Thorstvedt Leo Skiri Østigård Lyngdal Marcus Holmgren Pedersen Morten Thorsby Nordland Patrick Berg Pep Guardiola Sander Berge Torbjørn Heggem Viljar Myhra
Ødegaard ikke med i Norge-troppen
Nettavisen · 2026-03-18 11:08:22
Ståle Solbakken Martin Ødegaard Norge Champions League Nederland Sveits Alexander Sørloth Andreas Schjelderup Antonio Nusa Arsenal Bayer Leverkusen David Møller Wolfe Egil Selvik Erling Braut Haaland Felix Horn Myhre Fredrik Aursnes Fredrik Bjørkan Henrik Falchener Jens Petter Hauge Julian Ryerson Jørgen Strand Larsen Kristian Thorstvedt Kristoffer Ajer Leo Skiri Østigård Marcus Holmgren Pedersen Morten Thorsby Odin Bjørtuft Oscar Bobb Patrick Berg Sander Berge Torbjørn Heggem ULLEVAAL STADION Nettavisen Viljar Myhra Ørjan Håskjold Nyland

🏷️ Extracted Entities (39)

Martin Ødegaard (person) Ståle Solbakken (person) Erling Braut Haaland (person) Nederland (place) Sveits (entity) Arsenal (entity) Fotball 📁 (category) Fotballandslaget 📁 (category) Jens Petter Hauge (person) Meisterligaen (entity) menn 📁 (category) Glimt (entity) Henrik Falchener (person) Noreg (entity) Odin Bjørtuft (person) Sporting (entity) Andreas Schjelderup (person) Antonio Nusa (person) Aspmyra (entity) David Møller Wolfe (person) Egil Selvik (person) Europa (entity) Felix Horn Myhre (person) Fredrik Bjørkan (person) Italia (entity) Julian Ryerson (person) Jørgen Strand Larsen (organization) Kristian Thorstvedt (person) Leo Skiri Østigård (person) Leverkusen (entity) London (place) Marcus Holmgren Pedersen (person) Morten Thorsby (person) Nordland (place) Patrick Berg (person) San Siro (person) Sander Berge (person) Torbjørn Heggem (person) Viljar Myhra (person)

📊 Metadata

Category: Fotball, Fotballandslaget, menn
OpenGraph Title: Ståle Solbakken tar ut landslagstroppen som skal teste seg mot Nederland og Sveits
Twitter Title: Ståle Solbakken tar ut landslagstroppen som skal teste seg mot Nederland og Sveits