Herold

Sånn vil dei gjere det mindre vondt å få spiral

Kilde: NRK Author: Sverre Lilleeng Published: 2026-03-18 14:22:12 Last updated: 2026-03-19 10:04:38
Sånn vil dei gjere det mindre vondt å få spiral

­

Oppsummering av det viktigaste:

  • Nye norske råd for spiralinnsetting legg vekt på smertelindring og pasienttryggleik.
  • Dei nye retningslinjene understrekar at pasientane skal føle seg trygge og ha kontroll under prosedyren.
  • Spiral og p-stav blir anbefalt som førsteval for dei som treng prevensjon.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Da Astrid Lislerud skulle få spiral for eitt og eit halvt år sidan hadde ho førebudd seg godt på førehand.

Ho hadde både lese seg opp og vore på helsestasjonen, og fått info om at det kunne gjere veldig vondt. Derfor burde ho ta smertestillande på førehand.

Astrid Lislerud er glad for at dei som sette inn spiralen hennar lytta til koss ho hadde det.

– Eg forventa jo sånn type menssmerter, som dei sa. Men det var verre enn eg hadde venta.

Verst var det da livmora skulle målast.

– Da var det sånn ordentleg stikkande krampe i magen som nesten tok pusten frå meg.

Hormonspiralar vernar mot graviditet og verkar i 3, 5 og 8 år. Dei du får er kvite, og ikkje fargerike som på bildet.

Lislerud fortel at det var ganske fort over, og at helsesjukepleiaren og jordmora som var med på innsettinga, gjorde det trygt.

Dei snakka henne gjennom smertene og sjekka koss det stod til med ho undervegs.

Og dette er noko av det som blir trekt fram i nye norske råd.

  • Vi bad følgarane til @nrknyheter på Instagram fortelje om erfaringane sine med å få spiral. Dette er det dei svarte:

Opplever pasientar med traume

– Dei fleste synest det er litt ubehageleg, fortel gynekolog Maria Barøy Ræder om det å sette inn spiral.

Ho set inn mellom 10 og 20 spiralar i veka, og er hovudforfattar av kapitelet om prevensjon i metodeboka i gynekologi.

I dag er spiral og p-stav det som blir anbefalt som førsteval for kvinner som vil ha prevensjon. Berre i fjor var det over 56.000 personar som fekk ein av desse.

Men det er stor forskjell på pasientane som kjem til Ræder.

Maria Barøy Ræder jobbar ved Bergen spesialistsenter.

Sjølv om dei fleste får god oppfølging hos for eksempel fastlege eller helsestasjon, er det nokon som har hatt kjipe opplevingar når dei skulle få spiral.

– Som gynekologar opplever vi at kvinner fortel at dei har lege der i tre kvarter, at tre legar prøvde, og at dei har hatt unødvendig traume. Det ønsker vi å unngå at skjer.

Derfor har det komme inn ein eigen del om smerter i dei oppdaterte norske råda.

Fordelar og ulemper med hormonspiral

Du må til lege, helsesjukepleiar eller jordmor for å få sett inn denne mjuke plastdingsen i livmora. Dei ulike typane hormonspiralar kan ha litt ulike størrelsar, men alle er kortare enn ei fyrstikk.

Fordeler

  • Dei ulike spiralane varer i 3, 5, 6 eller 8 år! Dermed treng du ikkje gjere noko kvar dag for å vere verna.
  • Aukar ikkje risikoen for blodpropp, hjerneslag eller hjarteinfarkt, fordi dei ikkje inneheld østrogen.
  • Kan ofte bidra til at dei månadlege blødingane etter kvart kjem sjeldnare, og at blødingane blir mindre.
  • Det er umogleg for deg å bruke spiralen feil.
  • Spiralane Mirena og Levosert kan hjelpe mot kraftige blødingar og smerter ved adenomyose.

Ulemper

  • Kan gi smerter under sjølve innsettinga. Nokre kan ha vondt i fleire timar eller dagar etterpå også – andre kjenner nærast ikkje noko. Det hjelper ofte med smertestillande.
  • Det er vanleg å få menssmerter og blødingar dei første dagane og vekene etter at spiralen er sett inn.
  • Hos nokre få kan spiralen bli utstøytt av livmora.
  • Kan gi deg biverknader som humørsvingingar, kviser og mindre sexlyst. Nokon kan også bli nedstemte, men dette skjer dei færraste.
  • Biverknadene er verst i starten, og går ofte over av seg sjølv. Det er berre du som kan avgjere om biverknadene er for plagsame til at du bør byte prevensjonsmiddel. Ta kontakt med legen din om dei ikkje går over.
  • Vernar ikkje mot kjønnssjukdommar. Det er det berre kondom som gjer.

Les meir om sikkerheit, pris og koss spiralen fungerer som prevensjon i Prevensjonsguiden.

Roleg og trygt

– Det aller viktigaste vi gjer, er å seie at det skal vere fokus på smertelindring. Ein skal vere varsam for å ikkje påføre pasienten meir smerter enn nødvendig. Dersom det er vanskeleg, så skal ein gi seg, seier Ræder.

Råda fortel ikkje nøyaktig koss innsettinga skal gå føre seg, fordi det er så stor forskjell på både kvinnene og behandlarane.

– Det skal vere ein roleg og trygg atmosfære. Pasienten skal føle at ho har kontroll, og at ho kan avbryte undervegs.

No blir det også anbefalt å ta smertestillande før, men også etter om det trengst.

– Men kvifor var det ikkje noko om smerter tidlegare?

– Eg trur berre ikkje det har vore så fokus på det, eigentleg, seier Ræder.

Dette er dei nye råda

Smerte under innsetting av spiral er vanleg og kan vere ein barriere mot bruk. Det finst ingen etablert standard for smertelindring, men ei heilskapleg, pasientsentrert tilnærming blir anbefalt, med kombinasjon av ikkje-farmakologiske og farmakologiske tiltak.

God informasjon, moglegheita pasienten har til å avbryte prosedyren undervegs og ein roleg, trygg atmosfære er viktig. Ein kan oppfordre pasienten til å ta NSAID (som ibux journ. anm) før prosedyren. Hos utvalde pasientar kan topikal anestesi eller paracervikal blokade bli nytta.

Rutinemessig bruk av misoprostol før innsetting av spiral blir ikkje anbefalt, da det verken aukar suksessraten eller reduserer smerte ved prosedyren.

(Kjelde: Metodebok i gynekologi)

Bekymra av videoar på TikTok

Gudrun Hope fekk spiral for litt over eit halvt år sidan. For henne var spiralen eit håp om å få mindre smerter knytt til mensen.

Men videoar ho hadde fått opp på TikTok har gjort at det tok lang tid før ho torde å bestille time.

Gudrun Hope har to barn.

– Eg såg for meg at eg skulle svime av og kaste opp, at eg kom til å skrike og hyle. Men eg sa jo det mens gynekologen heldt på: Å ja, dette var jo ikkje så ille.

– Som å tråkke på ein spikar

Eline Sofie Svendgård fekk sin første spiral i 2017. Ho drog til legen etter å ha tatt Paracet. Legen tok seg god tid til å forklare kva som skulle skje og fekk henne til å slappe av. Men likevel gjorde det vondt.

– Det kjentest litt som å tråkke på ein spikar, men berre inni meg.

Eline Sofie Svendgård har hatt veldig ulike opplevingar med å sette inn spiral. Ho håpar fleire kan få lokalbedøving om dei treng der.

Fem år seinare bestilte ho time hos gynekolog. Der fekk ho lokalbedøving i livmorhalsen.

– Sjølve innsettinga var smertefri og gjekk raskt. Heile opplevinga minte berre om ei normal underlivsundersøking, fortel Svendgård.

Verdt det

Astrid Lislerud synest fordelane med spiralen veg opp for smertene ved innsettinga. For ho opplever at spiralen gir henne fridom. Både frå det å ta ei pille kvar dag, og frå bekymringa over å bli uplanlagt gravid.

– Smertene var jo intense, og det var jo vondt, men det var kortvarig.

Samtidig er det viktig for henne at dette blir snakka ope om.

19/3: Oppdatert med informasjon om at spiralane du får er kvite, og ikkje fargerike som på bildet.

🏷️ Extracted Entities (20)

Maria Barøy Ræder (person) Astrid Lislerud (person) Eline Sofie Svendgård (person) Graviditet 📁 (category) Helse 📁 (category) Helse og livsstil 📁 (category) Konstruktiv 📁 (category) Kvinnehelse 📁 (category) Prevensjon 📁 (category) Gudrun Hope (person) TikTok (entity) Bergen (entity) Instagram (entity) KI (entity) Levosert (entity) NSAID (entity) OpenAI (entity) Paracet (entity) Prevensjonsguiden (entity) Spiralane Mirena (person)

📊 Metadata

Category: Prevensjon, Kvinnehelse, Helse og livsstil, Helse, Graviditet, Konstruktiv