Cupbombe i Stavanger – Aalesund sende fjorårets serievinnar ut av cupen
Aalesund slo tilbake mot Viking og er klare for semifinale i cupen etter ein sterk 2. omgang.
Viking har fått ein verst tenkeleg start på sesongen etter fjorårets gullsesong.
I første serierunde laurdag blei det 2–1-tap for HamKam.
I NM-kvartfinalen mot Aalesund i Stavanger i kveld håpa dei mørkeblå på revansje.
I staden blei det ein ny nedtur og cup-exit etter 2-1-tap for Aalesund.
– Me ønska veldig å gå vidare til semifinalen, men Aalesund straffar oss. Me har nok sjansar til å få 2-2, men er ikkje dyktige nok. Då er det fortent at Aalesund går vidare, seier Viking-trenar Morten Jensen til NRK etter kampen.
– Det er skuffande at det vart tap. Eg synest prestasjonen i 2. omgang var altfor dårleg. Det er eit lag utan sjølvtillit no, sa Viking-kaptein Zlatko Tripic til TV 2 etter kampen.
Viking starta best
Det var likevel Viking som kom best i gang i oppgjeret.
Rogalendingane gjorde sju endringar frå seriekampen mot HamKam i helga. Ein av spelarane som fekk tillit frå start var Ola Visted.
Den 20 år gamle kantspelaren fekk nettsus etter eit kvarter. Eit hjørnespark fall ned i feltet og Visted fekk avfyrt eit skot mot mål utan at nokon oransjekledde greidde å klarera.
Målet vart det einaste før pause.
Viking-spelar Vetle Auklend fortvilar i NM-kampen mot Aalesund.
Tjue minutt etter kvilen utlikna Aalesund.
Også den skåringa kom etter eit hjørnespark. Ulrik Syversen steig til vêrs i feltet og stanga ballen via ryggen på lagkamerat Marius Andresen og i mål.
Aalesund snudde kampen ti minutt seinare. Mathias Christensen førte ballen inn i 16-meteren og fann ein veg til nettmaskene.
Det vart den avgjerande skåringa som sikra sigeren for Rekdal og co.
– Me vågar for lite i starten av kampen, så losnar det inn mot pause. I andre omgang gjer me ein bra halvtime når me snur kampen, så blir det beintøft mot slutten når Viking køyrer på med alt dei har, oppsummerer Aalesund-trenar Kjetil Rekdal overfor NRK.
– Det er sterkt å vinna her for eit nyopprykt lag. Me må læra fort og gleda oss over det me har fått til i dag, held den profilerte trenaren fram.
Aalesund-trenar Kjetil Rekdal var ein fornøgd mann etter kampen i Stavanger.
– Ekstremt stolt
Også Aalesund-kapteinen er glad for å ha sikra semifinaleplassen.
– Eg er ekstremt stolt. Måten me snur det i 2.-omgangen etter den 1. omgangen me spelar. Det er heilt fantastisk, sa Aalesund-kaptein Henrik Melland til TV 2 etter kampen.
Fjorårets serievinnar Viking var favorittar til å ta seg vidare til semifinalen.
Trenarane gjorde altså heile sju endringar frå laget som tapte seriepremieren mot HamKam.
– Angrar de eller måtte de gjera alle endringane på laget, Morten Jensen?
–Det er stor konkurranse på laget. Ein del ønska me å sjå, og så var det også tvungne byte fordi fleire ikkje kunne spela. Første omgang er eg godt fornøgd med, andre omgang er eg ikkje så fornøgd med.
– Prestasjonen til unge spelarar varierer veldig mykje. Forhåpentlegvis blir me betre framover. Me skal ikkje grava oss ned, men fokusera på serien, slår Jensen fast.
Nyopprykte Aalesund gjekk på eit 1-3-nederlag mot LSK i første seriekamp.
Aalesund står med to cupgull i historia. Begge under leiing av Kjetil Rekdal i 2009 og 2011.
KFUM – Fredrikstad, Bryne – Brann og Bodø/Glimt – Lillestrøm skal gjera opp om dei tre siste semifinaleplassane.