Herold

Milliardsprekk for noregspris: – Kan koste det dobbelte av budsjett

Kilde: NRK Author: Håvard Nyhus Published: 2026-03-19 05:16:10
Straumstøtte-smell: Kan koste det dobbelte av budsjett

Nye tal viser at regjeringa brukte 6,4 milliardar kroner på «noregspris» i løpet av januar og februar, og at heile årsbudsjettet kan ryke før sommaren.

Saka oppsummert:

– Regjeringa har brukt 6,4 milliardar kroner på noregspris i januar og februar, over 70 % av den årlege budsjettramma på 9,1 milliardar kroner. – Ekspertar meiner kostnadane for noregspris kan bli opp mot 17 milliardar kroner innan 2026 – nesten dobbelt så mykje som budsjettert. – Høge straumprisar, delvis grunna Iran-konflikten og høgare gassprisar, har ført til ein økonomisk sjokkstart for ordninga. – Kritikarar meiner regjeringa undervurderte kostnadane frå starten av og kalla dei opphavlege anslaga for «urealistiske serviett-utrekningar». – Energiministeren erkjenner utfordringane, men vil ikkje talfeste sprekken før revidert nasjonalbudsjett i mai. Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Nye tal viser at prestisjeprosjektet for å dempe straumprisane – «noregspris» – har fått ein økonomisk sjokkstart:

  • Utgifter i januar: 3.406.225.106,- kroner
  • Utgifter i februar: 2.987.186 929,- kroner

6,4 milliardar kroner – i løpet av årets to første (og kaldaste) månader – er meir enn 70 prosent av den årlege budsjettramma på 9,1 milliardar kroner.

Straumprisekspert Tor Reier Lilleholt er derfor klar på at reknestykket til regjeringa «ikkje lenger heng saman».

– Det er ganske openbert at ramma ikkje held. Iran-konflikten har bidratt til å løfte prisane, og vi ser eit mykje høgare kostnadsnivå enn føresett.

Han reknar med at prislappen vil ende på rundt 17 milliardar kroner for 2026.

Eller nesten det dobbelte av det regjeringa har budsjettert med.

– Ikkje overraska om kostnaden nærmar seg det dobbelte

Sverre Alvik, som er forskingsleiar for energiomstilling i DNV, meiner regjeringa konsekvent har undervurdert kva fastprisordninga vil koste.

– Det vil ikkje overraske oss om totalkostnaden nærmar seg det dobbelte av budsjettet, seier han.

Då regjeringa første gong lanserte noregspris, antyda dei at ordninga ville koste 3,8 milliardar kroner i året.

Fagekspertar avfeia anslaget som urealistiske «serviett-utrekningar», og summen har sidan blitt oppjustert i fleire omgangar.

– Det var heile vegen store moglegheiter for at noregspris ville bli veldig mykje dyrare enn føresett, og no slår det til, seier Anders Lie Brenna, som er redaktør i EnergiWatch.

– Kan bli ekstremt dyrt

Brenna trekker fram at «proppen» i Hormuzsundet pressar gassprisane opp, og at dette smittar direkte over på norske straumprisar.

Sjølv om finansminister Jens Stoltenberg har argumentert med at staten også får høgare inntekter når straumen er dyr, understrekar Brenna at dette ikkje fjernar det budsjettekniske problemet.

– Dette er ein kostnad som påverkar kor mykje pengar dei kan bruke på andre utgifter. Spørsmålet no er kva regjeringa gjer med noregspris til neste år.

– Om dei tviheld på 40 øre per kilowattime, kan det bli ekstremt dyrt.

Ventar på revidert budsjett i mai

Energiminister Terje Aasland erkjenner at rammene er under press, men vil foreløpig ikkje talfeste sprekken.

– Som mange andre postar på statsbudsjettet er kostnadene for noregspris anslått på usikkert grunnlag. Regjeringa vil komme tilbake med oppdaterte anslag for prisen i revidert nasjonalbudsjett i mai.

Han legg til:

– Uansett viser dette at noregspris har hatt – og har – stor betydning for lommeboka til mange i Noreg, og at innføringa var både rett og viktig.

Regjeringa: – Stor betydning for lommeboka til mange

Terje Aasland, energiminister

– For Arbeidarpartiregjeringa er det viktig at folk skal ha tryggleik for lommeboka, og kunne velje føreseielege straumrekningar i ei tid med tidvis svært høge straumprisar. Derfor innførte Arbeidarpartiet noregspris .

– Konkrete tal for kva som så langt er utbetalte frå staten, får vi etterskotsvis frå RME. Vi har ikkje tatt imot tala for første kvartal 2026 enda. Siste kvartal for 2025 viste ei innsparing for folk med noregspris på totalt 2,7 milliardar.

– Januar i år var den kaldaste januarmånaden sidan 2010, så at hushald som har teikna noregspris har hatt store innsparingar er heilt naturleg. Dette er den føreseielegheita og tryggleiken som noregspris er meint å gi.

– Som mange andre postar på statsbudsjettet er kostnadene for noregspris anslått på usikkert grunnlag. Regjeringa vil komme tilbake med oppdaterte anslag for noregspris i revidert nasjonalbudsjett i mai.

– Uansett viser dette at noregspris har hatt – og har – stor betydning for lommeboka til mange i Noreg, og at innføringa var både rett og viktig.

– Regjeringa vil komme tilbake med oppdaterte anslag for noregspris-ordninga i revidert nasjonalbudsjett i mai, seier Terje Aasland.

– Staten har god råd til dette

Ikkje alle er like bekymra for milliardane som renn ut.

Kjell Roland ved Senter for økonomisk analyse (ECON) minner om at høge straumprisar også gir ekstra inntekter:

– Det er viktig at motposten for staten er nesten like stor. Aukar i grunnrenteskatt på vasskraft, pluss eigarinntekter til stat, fylke og kommunar, betaler nesten for noregsprisen.

Fleirtal for å inkludere studentbustader i noregspris

Budsjettpartia på Stortinget er samde om å finne ei løysing slik at også studentar i studentbustader får nyte godt av ordninga med noregspris på straum. Målet er at ei løysing skal vere klar innan revidert nasjonalbudsjett i år.

Bakgrunnen er at studentar som leiger hos studentsamskipnader eller stiftingar, har falle utanfor straumstøtteordningane fordi samskipnadene ikkje har blitt rekna som vanlege hushaldningar. Dette har ført til at studentar har måtta betale full marknadspris for straum, medan resten av befolkninga har fått subsidiert straumpris. I Oslo har dette allereie ført til auka husleige for mange.

SVs Lars Haltbrekken kallar det ein «tabbe» av regjeringa å utelate studentane, og får støtte frå både Raudt, MDG og regjeringspartia Ap og Sp. Partia meiner det er eit hol i systemet som no må tettast for å sikre studentane føreseielegheit.

Norsk studentorganisasjon (NSO) er glade for semja og forventar no at regjeringa følgjer opp vedtaket raskt, slik at studentane ikkje lenger blir økonomisk skadelidande.

Roland understrekar at sjølve poenget med ordninga er å stabilisere kostnadene for forbrukarane i ein uføreseieleg marknad.

– Staten som mellommann har god råd til dette. På lang sikt jamnar det seg nesten ut.

Ei oversikt frå Energidepartementet viser at staten åleine har hatt 180 milliardar kroner i kraftinntekter i perioden 2019–2023.

I tillegg har kommunane og fylkeskommunane hatt 81 milliardar i inntekter i løpet av den samen perioden.

Sjå ei oppsummering av kritikken mot noregspris under.

🏷️ Extracted Entities (34)

Energi 📁 (category) Energibruk 📁 (category) Hordaland: Strømpriser 📁 (category) Klimakrav og ny fornybar energi 📁 (category) Politikk og samfunn 📁 (category) Samfunn 📁 (category) Samfunnsliv 📁 (category) Strøm 📁 (category) Terje Aasland (person) Anders Lie Brenna (person) Noreg (entity) Ap (entity) Arbeidarpartiet (entity) Arbeidarpartiregjeringa (entity) DNV (entity) ECON (entity) Energidepartementet (entity) Hormuzsundet (entity) Iran (entity) Jens Stoltenberg (person) KI (entity) Kjell Roland (person) Lars Haltbrekken (person) MDG (entity) NSO (entity) OpenAI (entity) Oslo (place) RME (entity) Raudt (entity) Senter (place) Sp (entity) Stortinget (entity) Sverre Alvik (person) Tor Reier Lilleholt (person)

📊 Metadata

Category: Klimakrav og ny fornybar energi, Hordaland: Strømpriser, Energi, Strøm, Energibruk, Politikk og samfunn, Samfunn, Samfunnsliv
OpenGraph Title: Milliardsprekk for noregspris: – Kan koste det dobbelte av budsjett
Twitter Title: Milliardsprekk for noregspris: – Kan koste det dobbelte av budsjett