Herold

Mange sperra opp augo då denne dukka opp på fjorden

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Silje Vindedal Published: 2025-11-30 11:43:42
Mange sperra opp augo då denne dukka opp på fjorden

Ein 87 meter lang og 14 meter brei superyacht kom flytande på fjorden laurdag.

Eigd av styrtrik kvinne frå Australia

Sogn Avis fekk først tips om at den var observert i Framfjorden.

Fartøyet med namnet «Arctic P» seglar med Bahamas-flagget. Søndag ser det ut til at den har reist vidare innover Sognefjorden til Flåm, skal ein tru Marine Traffic som mellom anna sporar skipstrafikken verda over.

Det er uvisst kva den gjer her, men ifølgje CharterWorld er den tilgjengeleg for charterreiser. Den 4. november skreiv BA at den låg til kai ved Nykirkekaien i Bergen, og at den skulle vera der i ti dagar.

Ifølgje SuperYacht Times og Boat International vart Arctic P opphavleg bygd som ein isbrytande bergingsbåt av det tyske skipsverftet Schichau Unterweser AG.

*Ifølgje bergensavisa kosta bygginga heile 803,5 millionar kroner. *

På nittitalet vart båten bygd om til luksusyacht for den avdøde australske mediemogulen Kerry Packer. Den har vore i Packer-familien sitt eige sidan då. Noverande eigar er Gretel Packer.

*Packer er ei 60 år gamal kvinne frå Australia, kjend som ein av landets 50 rikaste – med ein nettoformue på omtrent 17,1 milliardar kroner, skriv BA. *

Arctic P har plass til 12 gjester i sju lugarar, i tillegg til 25 mannskap inkludert kapteinen. Blant luksusen om bord finst både kinosal, basseng, treningsrom og bibliotek.

Fartøyet har dessutan Guinness verdsrekord for å vera den motorbåten som har reist lengst stør i verda, heile 677 nautiske mil frå Sørpolen.