Steinsprang stengjer veg i Luster
Plus
Geolog mÄ ut for Ä sjekka forholda.
â Det gjekk eit steinsprang tidlegare i dag med stĂžrre blokker som har falle ned, fortel Leif Helge Fjellro, trafikkoperatĂžr i Vegtrafikksentralen vest.
Steinblokkene har falle ned pÄ fylkesveg 5637 Ytre Loi, pÄ SÞrsidevegen i Luster. Det vart fÞrst meldt om at berre eitt kÞyrefelt var stengt, og at det var passasje forbi.
â Men entreprenĂžr har vore pĂ„ staden og vurdert det til at det ikkje er forsvarleg Ă„ halda vegen open fĂžr geolog har vore pĂ„ staden, seier Fjellro.
Kart med ID 436979
Han har ikkje informasjon om kor store steinblokker det er snakk om, men dei skal vera sÄ store at det mÄ maskiner til for Ä fjerna dei.
â Og det blir ikkje gjort fĂžr geologen har sjekka forholda, seier Fjellro.
â Kor lenge kan vegen bli stengd?
â Geologen er avhengig av dagslys. Han held til pĂ„ Leikanger, sĂ„ det er mogleg han rekk ein tur fĂžr mĂžrket sig pĂ„. Enn sĂ„ lenge har me sagt at vegen kan bli stengd fram til klokka 20, men det kan endra seg i bĂ„de den eine og den andre retninga, seier Fjellro.
*Klokka 14:00 opplyser Vegtrafikksentralen at det blir gjort ny vurdering om opning av vegen klokka 10 mÄndag. *