Radikal tiltaksplan for rekruttering av lærlingar til Vaksdal kommune
Plus
I kommunestyret i februar i år vedtok eit samrøystes kommunestyre på initiativ frå SV ei radikal tiltakspakke for å betre rusta kommunen til å rekruttere lærlingar. Vaksdal kommune har lenge teke samfunnsansvaret det er å ta imot lærlingar i ulike fag.
Kommunestyret ser lærlingar som ein viktig del av kommunen sin rekrutteringsstrategi. Kommunen skal vere ein praksisarena og ein døropnar til yrkeslivet. Det handlar om rett kompetanse, men òg om å tilby lokal ungdom arbeidsplassar for å halde dei i kommunen. Det nasjonale målet er 2 lærlingar per 1000 innbyggjarar, og kommunestyret har no bede kommunedirektøren vurdere innan kva fagområde det vil vera behov for lærlingar dei neste 5-10 åra, inkludert kvar alderssamansetjinga i avdelingane fører til behov for rekruttering dei næraste åra.
For å trekkje til oss gode kandidatar som har lyst til å ta læretida si i Vaksdal kommune, skal kommunen no vurdere eit breitt sett av verkemiddel. Sosiale verkemiddel kan vere:
- Tilgang til treningsrom i Turbinen.
- Sosiale arenaer for lærlingar og dei fagansvarlege.
- Felles samlingar i kommunal regi med til dømes faglege innspel frå NAV om framtidas arbeidsmarknad, besøk frå fagskulen i Vestland om moglegheiter for påbygg etter bestått fagprøve, og Vaksdal kommune som fortel om gunstige finansieringsordningar for bustad (tilskot til bustad, avskriving av studielån osv.).
Andre verkemiddel:
Kommunestyret ber no kommunedirektøren leggje til rette for å tilby jobb utover fagprøva i 3 månader. Dette skal først og fremst vere ein del av Vaksdal kommune sin kompetansepolitikk. Det å kunne halde på ein faglært person utover læretida gjev att i kompetanserekneskapen.
For lærlingar, som for andre nyutdanna, er fasen etter fagbrev og fram til neste aktivitet ei utrygg/uviss tid. Å kunne tilby til dømes 3 månader jobb etter fagprøve vil vere ei stor «gulrot», fordi det gjev ein tryggare overgang til neste jobb. Å kunne vise til at dei har jobba som fagarbeidar i 3 månader etter fagprøva, er svært positivt for arbeidsgjevarar. Dette vil trekkje til seg kandidatar fordi ordninga samla sett er betre, og er sjølvsagt basert på frivillig deltaking.
Tilby jobbsøkjarkurs for lærlingar. Dette vil vise Vaksdal kommune sin vilje til å vere meir open og raus for å rekruttere lærlingar. Det finst gratis tenester både i Vestland kommune si karriereteneste og i NAV.
Fagarbeidarar konkurrerer i dag i arbeidsmarknaden mot fleire andre fagutdanningar. Kommunen kan bruke ordningar som kombinerte løp, der fagarbeidarar kan kvalifisere seg vidare med jobb og utdanning i Vaksdal kommune (til dømes helsefagarbeidarar og sjukepleie), eller byggdriftarar som kan ta fleire fagbrev med opplæring i bedrift. For ein kommune som slit med fråflytting og kompetansemangel, må ein sjå lærlingar som ei langsiktig investering.
Jobbsøkjarkurs er meir enn CV og motivasjonsbrev, og Vaksdal skal bli dei beste til å rettleie lærlingar. Leggje til rette for hospitering/jobbskygging. Å sjå eigen arbeidsplass utanfrå ved å ha vore inne i andre verksemder, aukar sjansen for at lærlingen blir medviten om arbeidslivet sine skrivne og uskrivne reglar. Samarbeid med nærliggjande kommunar om hospitering vil òg vere ei rekrutteringsgulrot, fordi dei gjennom læretida får styrkt kompetansen sin ytterlegare.
KS har peika på rekruttering og behalde kompetanse som ei av dei største utfordringane i Kommune-Noreg. Vi håper no at denne tiltakspakka, saman med eksisterande strategiar, kan gjere Vaksdal kommune enno meir attraktiv som arbeidsgjevar for ungdom under utdanning.
Kjartan Haugsnes, varaordførar og gruppeleiar for SV i kommunestyret.