Kyrkjelydane førebur fasteaksjon og festdagar
Plus
Bøsseberarar i Vaksdal gjer seg klare til årets fasteaksjon tysdag 24. mars. Samstundes inviterer kyrkjene i kommunen til både keltisk salmekveld og feiring av Marimesse den komande veka.
Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon har i år temaet «Det er håp i ein drope vatn». I Vaksdal vert aksjonsdagen gjennomført tysdag før palmesøndag. Bøsseberarane startar runden i sokna Dale, Stamnes, Eidsland og Vaksdal på ettermiddagen.
- Trass i ei verd full av kriser kan me saman gje menneske håp gjennom Kirkens Nødhjelp sin innsamlingsaksjon denne våren, skriv organisasjonen sentralt.
Fasteaksjon i neste veke
Treng fleire frivillige
I fjor samla konfirmantar og andre frivillige inn nesten 44.000 kroner i Vaksdal kommune på sjølve aksjonsdagen. Kyrkjelydane ønskjer no å nå ut til alle husstandane, men då er det behov for fleire folk som kan gå med bøsse.
- Det er trong for fleire bøsseberarar viss me skal vera sikre på å nå alle husstandane, melder kyrkjelydane i Vaksdal.
Interesserte kan ta kontakt med sokneråda eller kyrkjekontoret. For dei som bur i andre sokn, eller som ikkje er heime når bøsseberarane kjem, er det mogeleg å gje bidrag under gudstenestene i påsken eller via Vipps.
Markerer Maria bodskapsdag
Søndag vert den lilla fastefargen bytt ut med kvitt i Dale kyrkje. Då er det Marimesse, også kalla Maria bodskapsdag. Dagen markerer at Maria fekk bodskapen om at ho skulle bli mor til Jesus, nøyaktig ni månader før jul.
- I kyrkja er dette ein festdag. Fasta sin fiolette farge er bytt ut med festfargen kvitt, fortel sokneprest Frode Kvamsøe.
Gudstenesta vil bli prega av musikk og salmar knytt til tradisjonen, mellom anna Maria sin lovsong, Magnificat. Det er vikarprest Roar Strømme som skal har Marimessa.
Keltiske tonar i Vaksdal
Allereie torsdag denne veka vert det salmekveld i Vaksdal kyrkje. Her står den keltiske kristenarven i sentrum. Denne tradisjonen kom til Noreg med vikingane frå dei britiske øyane og har sett spor i den norske salmeboka.
- Dei seinare åra har me vorte meir medvitne om dette, særleg gjennom den keltiske songtradisjonen, som har fått ei oppbløming hos oss, melder Vaksdal sokneråd.
Kantor Ruben Gjertsen leier det musikalske, mens vikarprest Roar Strømme skal halde kåseri om tradisjonen og koplinga til Lyse kloster. Kvelden vert avslutta med keltisk kveldsbøn.