Herold

Mattilsynet: Vern fuglane dine mot fugleinfluensa

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: fredrik.moen.gabrielsen@ntb.no Published: 2026-03-17 16:25:38
Mattilsynet: Vern fuglane dine mot fugleinfluensa

NÄr trekkfuglane vender tilbake, oppmodar Mattilsynet fuglehaldarar til Ä vera nÞye med smittevern og avgrensa kontakten med ville fuglar.

Det er for tida mykje fugleinfluensa blant ville fuglar i Europa. I vinter har det vore mange pÄvisingar av hÞgpatogen fugleinfluensa (HPAI) hos villfugl i Noreg, skriv Mattilsynet i ei pressemelding.

– Det hĂžge smittepresset blant ville fuglar bĂ„de i Noreg og i Europa gjer det ekstra viktig at alle som held tamme fuglar, bĂ„de kommersielle aktĂžrar og hobbyfuglehaldarar, tek smitten pĂ„ alvor, seier Elisabeth Nissen Nordbye, seksjonssjef for dyrehelse i Mattilsynet.

– Hald fuglane skilde frĂ„ ville fuglar for Ă„ verna dei mot smitte, legg ho til.

Fugleinfluensa er ein svÊrt smittsam sjukdom for fuglar, og smitten skjer hovudsakleg gjennom avfÞring eller dropesmitte frÄ luftvegane.

Trass i stor smitte hos ville fuglar over heile landet, har det ikkje vore utbrot i norske fjĂžrfehald sidan september 2025.

IfÞlgje Mattilsynet smittar fugleinfluensa svÊrt sjeldan frÄ fugl til menneske. Likevel tilrÄr dei:

* Ikkje ta pÄ sjuke eller dÞde fuglar.

* Ikkje ta med fuglar heim for Ă„ stella dei.

* Meld frÄ til Mattilsynet dersom du finn sjuke eller dÞde fuglar.

(©NPK)

đŸ·ïž Extracted Entities (5)

Mattilsynet (entity) Europa (entity) Noreg (entity) Elisabeth Nissen Nordbye (person) HPAI (entity)