Dansa saman for første gong og vann: – Det var kjempefint
Plus
I helga fekk folkemusikken og folkedansen frå Sogn og Fjordane-kappleiken vist seg fram på Sogn og Fjordane-kappleiken, den årlege tevlinga i tradisjonelt spel, song og dans.
Sogn spel- og dansarlag og Jostedal spel- og dansarlag var arrangerer for leikane på Skei. Mellom 30–35 frivillige har bidrege med mellom anna tevlingslogistikk, kioskvakter, dørvakter, premiar, rydding, rigging, pynting, døming.
Kappleiken husa totalt 222 tevlande deltakar, fordelt på 78 startnummer. I tillegg kjem publikum og dansande.
Arrangørane byrja opningskonserten saman med Krudlalaget frå Sogndal.
To av tre vandrepremiar til Sogn
Vandrepremiane, som går til dei med høgast poengsum innan kvar tevlingsgrein, gjekk i år igjen til Mari Andrea Ness og Atle Hoff frå Gaular spelemannslag i dans med sin halling, Kari Malmanger frå Sogn spel- og dansarlag som fekk 99 av 100 poeng innan song, og til Frida Helene Haltli frå Aurland spelemannslag, som var med på tevlinga på Sogn og Fjordane-kappleiken for fyrste gong.
– Me fekk skryt for at det var ein bra kappleik. Og me har gode resultat frå Sogn, seier Oddbjørg Ese i arrangørnemnda.
Sjølv fekk ho og Oddbjørn Skjerdal førstepremie i runddans pardans.
– Det er første gong me har dansa i lag. Skjerdal har vore vekke ei stund av helsemessige årsaker, så eg tykte at det var kjempefint at han var med og at me fekk det til å stemma.
Arne og Eldbjørg Fossøy frå Luster fekk tredjeplass i den klassen.
Lystringen fekk førsteplass i runddans lagdans, medan Jostedal spel- og dansarlag vart nummer to.
– Lystringen er meir vane med å vinna, men det er like kjekt kvar gong.
I klassen lagdans bygdedans vann Jostedal spel- og dansarlag.
– Det var veldig kjekt. Det var mange enkeltpersonar som også vann, men eg tykkjer lagdansane var spesielle. Det er kanskje ti år sidan me klarte å stilla lag i klassen lagdans bygdedans frå Jostedalen. At me då klarar å vinna, det tykkjer eg er veldig flott for heile laget. Alle har jobba hardt på førehand for at me skulle få det til, seier Ese.
Meisterspelemann
På laurdagen vart det duka for utdeling av Folkemusikkprisen som annakvart år går til ein person, lag eller institusjon som har gjort særleg mykje for folkemusikken.
I år var det meisterspelemann, Spellemannprisvinnar, kunstnar, kulturformidlar og læremeister, tidlegare distriktsmusikar i Sogn, og førsteamanuensis ved Norges musikkhøgskole i Oslo Håkon Høgemo frå Øvre Årdal.
For dei yngste
På Smørbukkappleiken, for dei minste, var kappleiksarenaen smekk full av born og publikum. Heile 81 born og unge var med for å visa sine ferdigheiter på fele, hardingfele, trekkspel, innan folkesong eller folkedans eller songdans.
Som del av Smørbukkappleikprogrammet leia Mari Andrea Ness og Kari Malmanger ei økt med dans og leik, til spel av Ingebjørn Lotsberg og Rasmus Henden.
– På Smørbukkappleiken fekk dei yngste verkeleg skina, og det gjev håp om framtida for folkemusikken og folkedansen i Sogn og Fjordane, melder arrangøren.
Sjå heile resultatlista her.
Lokale premiar
Oddbjørg Ese fortel at alle premiar bar preg av Sogn.
– Me har brukt lokale leverandørar. Det var bilete som Olav Arild Barsnes i Sogndal har laga, det er trykt i Årdal og så har me hatt lokalmat frå lokale produsentar i Sogn; Balholm, Triobakst, Sognefjord Kaffibrenneri, Ølmheim siderhage og Sognasmak. Me kjøpte spekemat og digital etikett trykte opp etikettar til oss. Eg vil også trekkja fram Luster sparebank som ein god medspelar her. Dei har støtta oss skikkeleg.
No er det sogningane sin tur å arrangera storhending: – Me er ein drilla gjeng