Skal villaksen ofrast?
Plus
Ja, for å sette det på spissen, så trur eg det, i alle fall for store deler av landet. Innlegget til dagleg leiar av Nettverket for Fjord og kystkommunar nyleg i Sogn Avis, fortel meg at kommunar innover i landet ikkje betyr noko i denne samanheng, då han framsnakkar oppdretten utan å vie villaksen nok merksemd. Men som leiar av nettverket i kystkommunane har han sjølvsagt rett til å ivareta desse, men ikkje utan å bli gjort merkam på at det finst folk i lokale samfunn innover i landet.
Landet består av fleire kommunar som ikkje er kystkommunar, der elvane har sitt utspring, og der villaksen er. Denne næringa har også betydning for lokalsamfunna. Vi kan bruka dei same argumenta der.
Det er påvist av fagkunnskapen at lakselusa er den største trusselen for villaksen forårsaka av oppdrett. Vestlandkysten er særleg utsatt, slik at stor del av smolten døyr under utvandringa. Dette minskar tilsiget av vaksen laks opp i vassdraga. For eit par år sidan vart trettitre elvar stengde for fiske grunna manglande gytebestandsmål. Dette må oppdretten ta inn over seg. Villaksen er ein naturleg del av naturen i motsetning til oppdrett . Vi har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på den. Villaksen er no raudlista. Dersom det ikkje vert innført meir skjerpa reglar, i motsetning til det oppdretten vil, risikerer vi å miste den.
I ei tid der det er meir og meir fokus på å verna naturen, er det leit å vera vitne til at villaksen blir ofra.
Eg tek ikkje til orde for å legge ned oppdretten, men etterlyser meir heilskap i kunnskapen, slik at vi kan leva side om side. At oppdrettsnæringa er komen for å bli, er eg ikkje i tvil om, slik politikken i dag er.
Eg minner til slutt om at elvefiske har lang tradisjon, og har frå gamalt av metta mange. I dag er det framleis ei kjærkomen inntektskilde i lokalsamfunn, men skal villaksen overleva må det, etter mitt syn, skapast meir aksept for villaksen sin overlevelse, ikkje berre ha fokus på oppdrett.
Nye generelle havbrukskutt må settes på pause
Laksenæringa kan slutta å sutra og tenkja seg godt om