Is i magen for Solvorn oppvekstsenter
Plus
Spørsmålet om framtida til Solvorn oppvekstsenter har sett sinna i kok og skapt eit enormt lokalt engasjement.
Kommunedirektøren har lagt fram si tydelege tilråding: Legg ned skulen og barnehagen i Solvorn frå hausten 2026, og flytt borna til Hafslo.
Saka er så betent at formannskapet nyleg valde å senda ho vidare til kommunestyret heilt utan politisk tilråding. Arbeidarpartiet flagga støtte til bygda, medan andre parti framleis sit på gjerdet eller heller mot nedlegging.
For foreldra og bygdefolket handlar dette om tryggleik, nærleik og identitet.
Dei løftar fram at Solvorn i dag har eit godt fagleg tilbod med full lærardekning, høg vaksentettleik og små grupper som gjev grobotn for trivsel og læring. For barnehageborna betyr oppvekstsenteret ein kvardag i kjende omgjevnader med tette band til lokalsamfunnet.
Vidare er oppvekstsenteret sjølve limet i bygda. Utan skulen fryktar mange at dugnadsånda forsvinn, at tradisjonar som 17. mai-feiring og andre lokale arrangement døyr ut, og at Solvorn blir langt mindre attraktivt for unge familiar i etableringsfasen.
På den andre sida finn me dei administrative og samfunnsøkonomiske argumenta.
Solvorn er i dag den minste skulen i kommunen med berre 17 elevar, og framskrivingane syner at elevtalet vil halde seg lågt, mellom 16 og 19 elevar, dei neste fem åra. Særleg på mellomtrinnet blir elevgruppene svært små, ned mot fem elevar totalt.
Sjølv om små miljø kan vera trygge, peikar kommunedirektøren på at dei også er sårbare. Eit lågt elevtal gjev færre jamaldrande å spele på lag med, færre potensielle vener å velja mellom, og eit vesentleg mindre fagleg miljø for dei tilsette. Ved å flytta til Hafslo vil elevane få eit større sosialt nettverk tidlegare, noko som kan gjere overgangen til ungdomsskulen lettare.
Sogn Avis kjenner til at det finst fleire av dei som er samde i denne argumentasjonen, både fastbuande og fagfolk. Dei har likevel, av ulike grunnar, valt å halda seg tause i debatten.
Luster kommune har i dag ni grunnskular, noko som er uvanleg mange for ein kommune med dette elevtalet. Å drifta mange små einingar er dyrt. Ei flytting av oppveksttilbodet i Solvorn er estimert å gje ei årleg innsparing på minst 2,5 årsverk i lønskostnader, samstundes som kommunen kan unngå estimerte vedlikehaldskostnader på oppvekstsenteret på 6,7 millionar kroner over dei neste 15 åra.
Årsverk som fort kan renna ut att dersom større klasser medfører deling og ekstra ressursar, men det ser ikkje ut som reknestykket seier noko om.
Eit avgjerande moment som likevel ikkje må gløymast i denne debatten, er potensialet for framtidig vekst. Det er planar om eit nytt byggjefelt i Solvorn i emning. Solvorn er populært, det er rift om ledige hus, og bygda kan kome til å veksa framover.
Eit nytt byggjefelt vil kunne leggje til rette for nyetablerte familiar, som igjen vil gje eit naturleg løft i elevtalet. Bygdefolket påpeikar sjølv at skule og barnehage lokalt er heilt avgjerande for at unge familiar i det heile teke vel å flytte dit.
Saka om Solvorn oppvekstsenter illustrerer kor krevjande det er å vega sårbare, små fagmiljø og stram kommuneøkonomi opp mot omsynet til lokalsamfunnet sitt overlevelsespotensial.
I staden for å ta ei irreversibel avgjerd om nedlegging no, bør lokalpolitikarane kanskje gje Solvorn sjansen til å realisera vekstpotensialet sitt.
Det er heller ikkje mange stader at byggjefelt skyt fart slik som me ser i Botn på Hafslo. Med overflytting av elevar frå Solvorn kan skulen fort bli for liten, slik me ser døme på Kaupanger som også er ein vekstplass for småbarnsfamiliar.
Kan det kanskje opnast for at dei som bur i Botn kan få velja Solvorn som skulekrins om dei ønskjer det?
La planane om nytt byggjefelt få verka først. Å fjerne skulen og barnehagen no, vil fjerna sjølve trekkplasteret for nye barnefamiliar og kvele ei positiv utvikling før ho i det heile har starta.
Så får lokalpolitikarane ved neste korsveg passa på at dei ikkje går til val med eit løfte om å ikkje røra skulestrukturen i kommunen. Då blir det kanskje også enklare å leggja ned.