Herold

Er det ikkje rart……??

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Øystein Wangen Published: 2026-03-18 09:23:11
Er det ikkje rart……??

Dagens Medisin 12.03.2026: «Helse Vest lokkar med ekstra pengar til sjukehus som opererer fleire pasientar.»

Helse Vest har med verknad frå 01.03.2026 innført ei ordning som skal gje kortare ventetid før ein får operasjon i regionen.

Grunngjevinga no er om lag den same som var då ortopediklinikken på Lærdal vart oppretta. MEN no kjem ei slik grunngjeving i samband med at operasjonskapasitet i Lærdal skal fjernast!

Frå 01.01.2005 vart ortopedisk aktivitet for Helse Førde sitt opptaksområde samla ved FSS og NSH og desse sjukehusa fekk dermed auka aktivitet. I tillegg vart det etablert ein eigen ortopediklinikk i Lærdal som primært skulle behandla pasientar med rett til naudsynleg helsehjelp frå andre opptaksområde enn Sogn og Fjordane. Men leiinga prioriterte mange pasientar frå vårt fylke til Lærdal. Kvifor det? Hadde ikkje Førde personell til å gjera det som var vedteke? Brukte dei plassane på Lærdal for å svekkja det som skulle vera grunnlaget for klinikken? Eg berre spør.

I eit brev til departementet av 19.01.2006 stiller Helse Vest spørsmål om økonomiske insentiv for å få ned ventetider i Helse Vest ved å nytta Lærdal.

Når ein no ser at økonomiske insentiv er på plass att berre ei kort stund etter det no vart vedteke å leggja ned ortopediklinikken, er det lite truleg at dette var eit vedtak som vart gjort over natta i Helse Vest.

Personleg tykkjer eg dette luktar litt, for offentleg sakshandsaming tek som oftast bra med tid. Her må det vera mange i systemet som har visst om dette arbeidet. Kvifor har då ikkje Helse Vest/ Helse Førde i fellesskap funne ei ordning der inntektene i Lærdal kunne aukast og såleis hjelpt på økonomien i Helse Førde? I staden skal eit velfungerande tilbod, som gjekk i økonomisk pluss i fjor, leggjast ned.

Eg trur at Helse Vest har hatt og har ei sterk rolle i dette. Det var ikkje lenge etter at føretaksmodellen kom at arbeidet med å leggja ned føden på Lærdal starta. Berre 72 timar etter ei arbeidsgruppe la fram sin konklusjon om at Lærdal skulle halda fram som før, vedtok Helse Vest at føden skulle bort. Skal lura på om dei sit i lukka rom og arbeider med sitt når ein ser framlegget som no er kome. Eg sende ein e-post med spørsmål om ortopediklinikken til Helse Vest 12.12.2025 og fekk svar 05.01.2026 etter å ha ringt og etterlyst svar. Kan òg nemna at eg sende e-post til Helse Førde 15.01.2026 med spørsmål om styrereferat, men har enno ikkje høyrt noko.

På eit overordna plan, er det etter mitt syn, regjeringa som har ansvaret for nedbygging av helsetenester for oss i distrikta. Arbeidarpartiet, som liker å kalla seg eit styringsparti, er vorte partiet for sentralisering. Sjå berre kva som i utgangspunktet skjedde med studiestøtte og ferjeopplegget. Der måtte partiet endra kurs, men når det gjeld helsetilbod i distrikta, vil partiet sentralisera. Har det vore partiet sitt mantra etter at føretaksmodellen vart innført?

Det er rart at helseministeren ikkje har vore i media og skrytt over midlar som skal brukast til å få ned køane. Han har no tidlegare vore veldig flink til det, men ikkje no. Er det ikkje noka samordning av dette arbeidet, eller er det slik at styra i dei regionale helseføretaka er ein stat i staten?

Regionen vår tilfører mykje til storsamfunnet. Det er mykje produksjon av straum som sentrale strok dreg nytte av og prosessindustrien i Årdal hadde eit kjemperesultat i fjor med eit samla overskot på 1761 millionar. Det vert ein del skattekroner av det, og desse går direkte til staten.

Det var Arbeidarpartiet som i 1992 at fekk endra kvar skatten skulle gå. Det vart bestemt at store bedrifter skulle betala skatten der hovudkontoret var plassert. Såleis fekk Oslo god nytte av det som var produsert i Årdal.

I 1997 (Bondevik) vart det styrkja nasjonal eigarskap til norsk næringsliv og i 2019 (Solberg) vart heile selskapsskatten statleg. Då var det slutt på inntekter frå selskapsskatten for kommunar og fylkeskommunar.

Skal storsamfunnet ha slike gode inntekter i framtida, må det vera gode tilbod i distrikta slik at folk vil bu her og produsera det som bidreg mykje til storsamfunnet.

Er Arbeidarpartiet eit parti for oss i distrikta? «Eg har mine tvil», so han sa grisen då han såg slaktaren.

🏷️ Extracted Entities (12)

Helse Vest/ Helse Førde (organization) Lærdal (place) Arbeidarpartiet (entity) Årdal (place) Bondevik (place) FSS (entity) Fjordane (entity) Medisin (entity) NSH (entity) Oslo (place) Sogn (entity) Solberg (place)