Herold

Dugnad som gir håp

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Ragnhild Jepsen, biskop i Bjørgvin Published: 2026-03-18 10:17:10
Dugnad som gir håp

Vår felles innsats for dei som lid naud har sjeldan vore så viktig som no. Rike land kuttar i bistanden, medan krisene i verda veks.

Vi mobiliserer tusenvis av konfirmantar og andre til dugnad for Kirkens nødhjelp, både i Den norske kyrkja og andre kyrkjesamfunn. I den årlege fasteaksjonen får mange besøk på døra av våre bøsseberarar like før påske.

Det er lett å bli motlaus i denne verda, men med fasteaksjonen kan vi alle vera med på å gjera ein forskjell. Pengane vi gir, vert brukte der dei gir mest nytte, i alle dei over 20 landa der Kirkens nødhjelp er engasjert. Desse midlane er heilt avgjerande for at organisasjonen kan setje i gang store naudhjelpsoperasjonar når katastrofar inntreff og skalere opp arbeidet for dei som treng det aller mest.

Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon blir arrangert 22.-24. mars. Denne årlege innsamlingsaksjonen er den nest største bøsseaksjonen i landet etter TV-aksjonen. Kyrkjelydar i vårt bispedøme og i heile landet støttar aksjonen. Slik er vi til stades saman i Ukraina, i Gaza og på Vestbredden, i Nigeria, Pakistan, Malawi og Etiopia for å nemne nokre av landa.

Over 40.000 frivillige og konfirmantar skal samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt livsviktige arbeid. Temaet er vatn – korleis tilgang til vatn både reddar liv og endrar liv. Kirkens Nødhjelp har skaffa reint vatn til menneske i mange tiår i ei rekke land og ser kvar dag dei enorme positive ringverknadane dette gjev.

I Etiopia, for eksempel, fekk lokalbefolkninga fleire stader sør i landet for første gong tilgang til rennande vatn i fjor. Dette har medverka til mindre sjukdom og betre helse for både born og vaksne. Jenter og kvinner har fått tid til andre ting enn å bruka timevis på å skaffe vatn. No kjem jentene seg på skulen i tide og får verdifull undervisning. Det aukar sjansane for at dei kan få jobb og inntekt seinare.

Når born og unge i landet vårt engasjerer seg i fasteaksjonen, får ein ny generasjon høve til å vise solidaritet og reflektere over dette som ein samfunnsverdi. Kyrkja er med på å byggja samfunnet gjennom fasteaksjonen. I ei tid då bistanden til dei som treng det mest blir kutta på mange frontar globalt, er nettopp solidaritet ein verdi det er verd å hegne om.

Å bere bøsse er å bere håp. Ta godt imot oss når vi kjem og ber om di støtte, og la deg inspirere av håpet og solidariteten vi saman representerer.

🔗 Related Articles (1)

View Graph
Kampen for vannet
Trønderdebatt · 2026-03-18 13:28:52
Kirkens Nødhjelp Etiopia Tanzania Gaza Malawi Nigeria Norge Pakistan Sudan TV Trøndelag Ukraina Vestbredden

🏷️ Extracted Entities (9)

Kirkens Nødhjelp (person) Etiopia (entity) Gaza (entity) Malawi (entity) Nigeria (entity) Pakistan (entity) TV (entity) Ukraina (entity) Vestbredden (entity)