Utbetrar flaskehalsar – dette selskapet har fått jobben
Plus
To strekningar på riksveg 52 før Hemsedalsfjellet skal utbetrast for å gi betre framkomme og trafikktryggleik.
Hemsedalsfjellet er fjellovergangen mellom aust og vest med størst del tungtransport – nesten 30 prosent av alle køyretøy på strekninga er tunge køyretøy.
Sju entreprenørselskap bad opphavleg om å bli prekvalifiserte til jobben, før dei tre best kvalifiserte vart valde ut til vidare forhandlingar. No er kontrakten tildelt Eiker-firmaet Iscahsen.
– Sju dyktige entreprenørar melde interessa si, og etter grundig gjennomgang av tilboda har me vedteke å tildela Isachsen jobben. seier Pål-Steinar Karlsen, prosjektleiar i Statens vegvesen i ei pressemelding.
Kontrakten har ein verdi på ca. 125 millionar kroner.
Byggjestart etter påske
Entreprenøren vil byrja å rigga seg til etter påske, og spaden går truleg i bakken i starten av mai. Byggjetida er anslått frå 1 til 1,5 år.
Dei to punkta som skal utbetrast er blant dei mest krevjande langs riksveg 52. Begge ligg mellom Hemsedalsfjellet og bygda Tuv.
Det skal lagast ny bru og betre svingar, slakare bakke, fjernast avkøyringar og lagast ny kjettingplass.
– I Statens vegvesen er me opptekne av å ta vare på det me har, utbetra der me kan og byggja nytt når me må. Dette prosjektet er eit godt døme på at me utbetrar eksisterande veg der det er mogleg. Det gir meir igjen for pengane, samtidig som me skaper ein enklare reisekvardag og auka konkurranseevne for næringslivet, seier Karlsen.