Herold

Nei til EU oppmodar folk om å stemme nei til storkommune

Kilde: OA Author: Gjøvik og Toten Nei til EU, ved leder Siv-Ingvild Thirud Published: 2026-03-18 12:14:50
Nei til EU oppmodar folk om å stemme nei til storkommune

Nei til EU er som kjendt mot EU og for nasjonal sjølvråderett. Vi ønsker å stoppe svekkinga av demokratiet. Norske politikarar både sentralt, men og lokalt må no forhalde seg til EU direktiv som følge av EØS-avtalen.

Vi ønsker ikkje å bli fjernstyrt av direktiv frå EU som ikkje passar for Norge.

Lokale politikarar må i tillegg forhalde seg til stadig fleire reformer som vert dårleg finansiert. Dette fører naturlegvis til store økonomiske problem for kommunane. Nei til EU Gjøvik og Toten er difor av same grunnsyn som dei som jobbar mot kommunesamanslåing. Vi ser på prosessen fram mot folkeavrøystinga og samanslåing til større kommunar som svekking av demokrati og sjølvstyre.

Nei til EU Gjøvik og Toten oppmodar folk om å bruke stemmerertten til å stemme nei til storkommune og ja til lokaldemokrati.

🏷️ Extracted Entities (4)

EU Gjøvik (organization) Toten (entity) EØS (entity) Norge (entity)