Herold

Folgefonna-campen braut lova – får 35 000 i bot

Kilde: NRK Author: NRK Published: 2025-11-14 11:29:33
Folgefonna-campen braut lova – får 35 000 i bot

Folgefonna Snowboard & Ski Camp får eit lovbrotsgebyr på 35.000 kroner etter at det blei nytta eit tautrekk utan driftsløyve på Folgefonna i sommar. Det slår Statens jernbanetilsyn fast i sitt endelege vedtak. Tilsynet legg liten vekt på forklaringane frå den ansvarlege bak campen, som har lagt seg flat og hevda at den ulovlege drifta skjedde i god tru. Statens jernbanetilsyn meiner skiheisen var i drift i fire dagar, og at dei alt på dag éin gav tydeleg beskjed om at bruken av heisen måtte stoppa. Tilsynet meiner at campen har gjort seg skuldig i eit av dei mest alvorlege brota i taubaneregelverket ved å unnlata å søka om driftsløyve. – Ved å ta i bruk ein taubane utan løyve utsetter ein potensielt personar som nyttar taubanen for stor risiko, skriv tilsynet, som ikkje er einig i at eigaren handla i god tru. Tilsynet meiner brotet var grovt aktlaust, og at campen tente pengar på heiskort og deltakaravgifter. Dei vurderer dfior ikkje gebyret på 35 000 kroner som urimeleg strengt.

🏷️ Extracted Entities (4)

Folgefonna (entity) Ski Camp (person) Snowboard (entity) Statens (entity)

📊 Metadata

Category: Nyhetssenter Vestland, Økonomi og næringsliv i Vestland