Herold

Gamlekinoen – ein kulturscene for heile Voss og meir til

Plus
Kilde: Hordaland Author: Kari Nestaas Ruud, Voss Senterparti Published: 2026-03-17 10:30:11
Gamlekinoen – ein kulturscene for heile Voss og meir til

No skal heradsstyret vårt avgjera framtida til Gamlekinoen. Då håpar me at både dei folkevalde og alle som bur i Voss – anten ein bur i sentrum eller i ei av grendene – veit kor viktig denne scena er for heile kulturlivet vårt.

Voss har lange og stolte tradisjonar for kultur i grendene. På scenene i ungdomshusa speler me revy, skulemusikk, toradar og mykje meir. Mange av oss har hatt våre fyrste framsyningar på gymsalscener og ungdomshus rundt om i bygdene. Det er der me tek dei første stega, finn motet og får smaken på å stå på ei scene. Men for at kulturen skal veksa, treng me òg ein storscene å strekka oss etter. Ein stad der ungane frå kulturskulen kan drøyma stort – anten dei driv med drama, toradar, rockeband eller standup.

Gamlekinoen er nett den storscena. Med rundt 500 seter gir ho plass til langt fleire enn noko anna lokale me har. Det gjer at både små og store framsyningar kan løftast opp og få det publikumet dei fortener. Her kan revylivet på Voss blomstra vidare slik det alltid har gjort med ei profesjonell ramme rundt sitt arbeid, og russe­revyen kan halde fram med sine artige program år etter år. Samstundes legg scena til rette for at Riksteatret og andre større, profesjonelle aktørar kan koma til Voss, for me treng også kultur som kjem utanfrå for å få inspirasjon og nye inntrykk. Det er viktig for eit regionsenter å kunna tilby eit breitt kulturliv – utan at me alltid treng reisa til Bergen for å oppleva scenekultur.

Gamlekinoen er òg ein arena for fellesskap. Den er billig og lettvint å bruka, og skal driftast som ein ikkje-kommersiell scene. Det betyr at både lag, frivillige, ungdomsgrupper, kulturskulen og profesjonelle aktørar får same moglegheita til å visa seg fram. Ei scene for alle – både for dei som sit i salen og dei som står på scena.

I tillegg har Voss fått merksemd for kor mykje kulturlivet betyr for tilflytting av unge menneske. Skal me halda fram å vera ein attraktiv kommune, må me vera relevante. Då treng me gode kulturtilbod – både i grendene og i sentrum - for alle som bur i heile heradet.

Me er stolte av Gamlekinoen. Det er stas å gå på arrangement der. Det er ei fleirbruksscene som vil lyfta heile kulturen på Voss – og som gjer at me alle kan kjenna oss litt rikare.

Me vil også retta ein stor takk til alle som har stått på for å få tak i utruleg mykje midlar til prosjektet, og sjølvsagt ein takk til givarane. Det er litt av eit spleiselag som står opp for kulturlivet i indre Hordaland, lat oss ta imot med opne armar og takksemd.

Med dette vonar me heile heradsstyret vel å stemma for å pussa opp og satse vidare på Gamlekinoen. Det handlar ikkje om sentrum mot grender. Det handlar om å gi kulturen på Voss ein framtidsretta heim – til glede for heile bygda.

Skal bestemma seg om det store oppussingsprosjektet: – Riktig tidspunkt

Kom med kjempegåve til den planlagde storstova: – Me vart litt rørte

Gamlekinoen får millionstøtte: – Skal bli eit grønt førebilete

🏷️ Extracted Entities (4)

Voss (entity) Gamlekinoen (entity) Bergen (entity) Riksteatret (entity)