Morgonen som endra alt
Plus
Eg sit pÄ jobb ved pulten min. Har vore her sidan 07.00. Eller 07.03, men du mÄ ikkje seia det til sjefen. Eg er den fyrste pÄ jobb i dag. Starta med Ä sjekka nyhendebiletet. Det var heldigvis ingen steinsprang eller stengde vegar, sÄ dÄ kan eg koka kaffi. Ute er det lyst. Tenk det. Alt klokka 7.
Ein time seinare kjem resten av redaksjonen, ein etter ein. Nokon ser trÞytte ut, litt tomme i blikket. Medan andre gÄr mÄlretta mot kaffikanna.
â God morgon!
â Er det ein god morgon? spĂžr kollega Ărjan Brattetveit.
Og det er dÄ det skjer. Ut av ingenting slÄr eg ut armane og seier: «Det er den beste morgonen, nokosinne!»
Kollegaene mine er i sjokk. Var ikkje fÞrebudd pÄ den reaksjonen. Veit kanskje ikkje heilt kva dei skal svara.
Blir det for mykje for folk? Er det ikkje lov Ä vera sÄ glad sÄ tidleg pÄ dag?
Og kvifor er eg eigentleg sÄ glad?
For sanninga er at eg sit der som ei trÞytt smÄbarnsmor. Planen om Ä leggja seg tidleg vert som regel forstyrra av «skal berre nett», og nÄr ein fyrst fÄr hovudet pÄ puta sÄ kan du garantera at dei smÄ har andre planar.
I natt var ei slik natt. Born skreik. Born mÄtte pÄ do. Born mÄtte trÞystast. Det var kroppsvesker i omlÞp.
Det var lys i huset nÄr det eigentleg skulle vera mÞrkt. PÄ same mÄte som i mange andre hus i bygda. Slik som det skal vera i denne fasen av livet.
Ei fin tid. Men det er kanskje ikkje i denne fasen ein kan venta seg mest overskot. Og humĂžr.
Likevel skjedde det noko denne morgonen, dÄ eg endeleg kom meg ut av dÞra.
Det var lyst. Klokka 06.45. Det var opphaldsvĂȘr, sjĂžlv om eg var fĂžrebudd pĂ„ regn.
Og det beste av alt. Det var ikkje sand under skorne mine! Kostebilen hadde vore der. Eit sikkert vÄrteikn.
VÄr! Den beste kjensla!
SÄ dÄ sit eg her dÄ, og roper at det er den beste morgonen, nokosinne.
SÄ stort inntrykk gjorde det pÄ redaksjonen at eg rett og slett fekk oppdraget med Ä skriva om denne morgonen. Kanskje spreia denne gleda vidare.
DÄ mÄtte eg sjÞlvsagt ut og leita etter opphavet til denne sitrande gleda.
Eg gÄr berre etter lyden. Blir litt forstyrra av lyden av ein traktor som kjem gjennom Vangsgata, men sÄ der borte ved Tinghusplassen ser eg dei. Karane som har bidrege til denne gode dagen.
â Eg vart sĂ„ glad dĂ„ eg sĂ„g de var ute. Det gav meg vĂ„rkjensla, seier eg.
â Ja, men det er jo vĂ„r no. MĂ„ laga det fint. Er snart Vossa jazz og, seier Arne Tesdal.
Eg tuslar inn att, medan Arne og Amund held fram med Ä gjera det fint pÄ Vangen.
NÄr eg sit her no ved tastaturet sÄ kan ein jo undrast over korleis eg skal avslutta dette tankespinnet.
SĂ„ er det kanskje slik, at i ei verd med krig og konflikt, i ein kvardag som til tider kan opplevast litt hektisk, at det me treng er berre at nokon smiler litt ekstra. Eller gjer noko litt uventa.
â Dette gjorde dagen min, seier kollega Sara Finne.
HumÞret her i Hordalandlokala har i alle fall vore hakket betre enn pÄ ein vanleg tysdag.
Men sÄ er det kanskje ikkje sÄ rart, nÄr det trass alt er den beste morgonen, nokosinne!