Herold

Melde frå om steinsprang i E16-tunell: – Treft av stein

Plus
Kilde: Hordaland Author: Marita Saue Skjoldli Published: 2026-03-17 17:35:52
Melde frå om steinsprang i E16-tunell: – Treft av stein

Ein bil skal ha blitt treft av ein stein i Risnestunnelen på E16.

Rundt klokka 18:35 tysdag kveld vart Risnestunnelen på E16 mellom Arna og Trengereid stengd.

– Me fekk melding om ein bil som hadde blitt treft av stein i tunellen. Me stengde tunellen då entreprenøren var inne for å sjekka, seier Christian Strømmen, vakthavande hjå Vegtrafikksentralen vest.

Kor tid etter vart tunellen opna att.

Det skal ifylgje Strømmen ha vore mogleg for meldaren å køyra vidare etter hendinga.

Kart med ID 503920

Skade på panseret

– Han sa han hadde fått skade på panseret. Då entreprenøren kom til staden var ikkje vedkomande der, seier Strømmen.

Entreprenøren som rykte ut kunne ikkje sjå teikn til at det kunne rasa meir eller frå andre stader, så tunellen vart opna att kort tid etter stenginga.

Statens vegvesen fekk informasjon om kvar det hadde skjedd, og entreprenøren fekk tatt ein runde og sjekka.

– Me stengde tunnelen mest på grunn av tryggleiken til entreprenøren, forklarar Strømmen.

Atle og Laila var på veg heim då raset skjedde: – Dette kunne gått gale

🏷️ Extracted Entities (8)

E16 (entity) Christian Strømmen (person) Risnestunnelen (entity) Arna (entity) ID (entity) Laila (entity) Trengereid (entity) Vegtrafikksentralen (entity)