Herold

Om mat i barnehagane

Plus
Kilde: Jærbladet Author: Styret i Klepp Bygdekvinnelag, ved Marianne Øvregaard Published: 2026-03-18 07:57:31
Om mat i barnehagane

Vi som arbeider for å sikre best muleg mat-tilbod i barnehagane, er glade for at Jærbladet gir god dekning av saka.

Først kom nyhendet om at barnehagesjefen i Klepp kommune vurderer å køyra ut varm mat til barnehagane frå eit storkjøkken.

Skikkeleg nedtur! Nok ein gong vil administrasjonen i Klepp kommune forringa kvaliteten i tilbodet og oppvekstvilkåra til dei minste innbyggjarane sine for å spara nokre kroner.

Barnehagen er ungane sin «heim» på dagtid, og i heimen veit vi at kjøkkenet er eit spanande og triveleg rom å vera i. Å få vera tilstades i barnehagen sitt kjøkken med jamne mellomrom for å sjå og kjenna på ekte råvarer, og oppleva korleis varm mat blir laga frå botnen av, er god erfaringslæring for barn.

Å stimulera barna sine sansar er mellom dei viktigaste tinga ein kan gjera i barnehagen. Få ting stimulerer meir til matglede enn lukta av nykokt suppe eller lapskaus frå kjøkkenet.

Men etter nedturen om storkjøkken kom nyhendet i Jærbladet 10.mars: «Barnehagar på Jæren kan få millionar til bemanning». Nedtur snudd til opptur då vi kunne lesa at Klepp kan få 3.8 millionar i tilskot, og at desse pengane og kan brukast til kjøkkenassistentar. Eit tydeleg signal frå kunnskapsministeren om at mat er ein viktig del av heilskapen i barnehagen. Vi håpar at administrasjonen i Klepp kommune tek signalet, hugsar å søkja om pengar – og at ideen om storkjøkken som sparetiltak blir lagt død for alltid.

🏷️ Extracted Entities (1)

Klepp (entity)