Herold

Draumehelg for 17-åringen: – Ei av dei villaste opplevingane i livet mitt

Plus
Kilde: Hordaland Author: Sverre Jervell Published: 2026-03-17 19:51:49
Draumehelg for 17-åringen: – Ei av dei villaste opplevingane i livet mitt

Abel Kvelvane (17) raska med seg tre av tre pallplassar og to NM-medaljar på Notodden i helga. Ein ting gav han ekstra energi.

Fire blad Tronerud Kvelvane og Eldar-løpar Eirik Ulvund var i aksjon då siste del av NM for juniorar og noregscupen i skiskyting vart arrangert på Notodden i helga.

Jamaldringane Abel Tronerud Kvelvane og Eirik Ulvund stilte i klassen for 18-åringar, og gjekk fredag normalprogrammet under noregsmeisterskapen for juniorar.

– Eg trur eg sjeldan har vore meir nervøs før eit renn, skildrar Abel til Hordaland nokre dagar seinare.

Tatt av vinden

17-åringen visste at den fysiske forma var god, men vart teken litt på senga av vinden.

Han fortel at løpet starta på «verst mogleg måte» med tre bom på fyrste liggjande skyting.

På dei neste skytingane gjekk det betre, og med fem bom totalt og god fart i sporet, tok vossingen ein sterk tredjeplass. Linus Stjern Strand frå Byåsen Skiskyttarlag vann rennet.

– Det var ganske deilig, fortel Abel om då bronsemedaljen var sikra.

Kameraten Eirik trefte 13 av 20 blinkar, og gjekk inn til 17-plass.

Kom bakfrå – men akkurat for seint

Laurdagen var det duka for sprint, men denne gongen i noregscupen.

– Det var eit ganske vanvitig løp, innleier Abel.

Med berre ein bom på fyrste skyting kniva Abel om sigeren med storfavoritten Strand, som også starta berre 20 sekund framfor vossingen.

Etter siste skyting leia trønderen med 11 sekund, og då tente 17-åringen til. Med hyppige sekunderingar kunne Abel konstatera at han åt seg innpå konkurrenten.

– Det var sjukt motiverande å få dei meldingane, og på siste punktet fekk eg høyra at eg var seks sekund bak. Han stod akkurat imot, men det var ei relativt lett løype – hadde ho vore litt hardare kunne eg tatt han!

Abel jubla likevel for andreplass, medan Eldar-løpar Ulvund gjekk i mål til 24. plass.

Dramatisk avslutning på stafetten

Sundag var det igjen duka for NM, då miksstafett stod på planen.

Eirik Ulvund og Abel Kvelvane gjekk dei to siste etappane for Hordaland. Eldar-løparen gav kameraten eit godt utgangspunkt, og sende Abel ut i tredjeposisjon på siste etappe.

Inn til siste skyting er det eit koppel lag som kjempar om medaljane, deriblant laget med to vossingar. Han går ut fire sekund bak Troms og Erik Skjellberg, som nyleg vart nummer fem i junior-VM.

– Den siste runden var ein av dei villaste opplevingane i livet mitt. Eg merkar at heile stadion heier, det er sikkert mellom 50 og 100 som gaular meg fram, fortel Abel ivrig, før han held fram:

– Eg visste ikkje at det stod om bronse, men fekk ryggen hans inn på oppløpet. Der kjem eg opp på sida, klarar spurta han ned og kjem i mål med det sjukaste adrenalinkicket nokon gong. Det er nokre av dei villaste kjenslene eg har hatt!

Kan ta samanlagdsigeren

17-åringen, som går andreåret ved NTG Geilo, er godt fornøgd med helga. Med dei gode resultata klatra han opp til tredjeplass samanlagt i noregscupen, og han er enno på skothald til å gå heilt til topps.

– Sesongen har vore mykje betre enn i fjor. Eg er kanskje i toppform no, mot slutten. Målet har vore å vinna noregscupen når eg går i tredje klasse, men pallplass no er bra og faktisk litt over forventning.

Målet på sikt er å koma på juniorlandslaget. Som Hordaland tidlegare har omtalt, var Abel reserve under årets juniorverdsmeisterskap i skiskyting.

Til slutt vil den talentfulle skiskytaren trekkja fram noko spesielt frå helga.

– For fyrste gong gjekk alle syskena noregscup saman, og det gav mykje energi. Det bidrog kanskje til at eg presterte så bra som eg gjorde.

Storesyster til topps

Storesystera Julie hadde marginane på si side under sprinten i noregscupen på same stad fredag.

Ho kniva om sigeren mot Agathe Brathagen frå Ivrig IL etter at begge hadde ein bom på kvar si skyting.

Til slutt var det vossingen som kunne jubla, med ein margin i mål på fem sekund.

Julie stilte til start i K20-21, men prestasjonen og tida hadde halde til sylvplass også i seniorklassen.

Under normalprogrammet laurdag vart det fem bom og 8. plass for skiskyttartalentet.

Gjekk seg opp på dag to

I seniorklassane stilte dei eldste syskena i Kvelvane-flokken, nemleg Kjerand og Une.

Fyrstnemnde gjekk i mål til 32. plass på sprinten fredag, før han gjorde ein god jaktstart dagen etter og gjekk seg opp til 20. plass.

Une enda på si side på 11. plass på sprinten, før ho også gjennomførte ein gledeleg jaktstart og kom i mål til 7. plass på Notodden laurdag.

🏷️ Extracted Entities (17)

Abel Kvelvane (person) Eldar-løpar Eirik Ulvund (organization) Jamaldringane Abel Tronerud Kvelvane (person) Notodden (entity) Linus Stjern Strand (organization) Agathe Brathagen (person) Byåsen Skiskyttarlag (person) Eldar-løpar Ulvund (organization) Erik Skjellberg (person) Ivrig IL (organization) K20-21 (entity) Kameraten Eirik (person) Kjerand (entity) NTG Geilo (organization) Storesystera Julie (person) Troms (entity) Une (entity)