Utbyggjaren om tomtene i Strandavegen: – Me er godt på overtid no
Plus
Eit leilegheitsbygg med 10–15 bueiningar er planlagt på grunnen Voss herad skal selja. Utbyggjaren er samd i prinsippet om sal på open marknad, men håpar politikarane ser oppsida ved å visa skjøn i denne saka.
Torsdag skal saka om salet av dei kommunale tomtene i Strandavegen opp for formannskapet.
Rådmannen tilrår å selja dei til takst direkte til utbyggjarane bak det store utbyggingsprosjektet Strandavegen 9-21, men opnar også for eit alternativ der ein legg eigedommane ut for sal på den opne marknaden.
Naboar i Elvegata er positive til at dei lokale utviklarane får hand om eigedommen, og fryktar at ein open bordrunde kan føra til at det ikkje skjer noko på området som er prega av forfall og fare for utrasing.
No tek utbyggjarane bladet frå munnen, og fortel om korleis tomtene vart del av deira planar for det nye bustadkvarteret ved inngangen til Vangen.
Hadde kjøpsrett i ti år
I 2012 tok Voss Haarduksvæveri AS kontakt med Voss kommune om mogleg utvikling på sitt eige areal og kommunen sine tomter i Elvegata/Strandavegen.
Seinare vart dette konkretisert ved planar om eit kombinert leilegheitsbygg, som bergensfirmaet Montasje Kompagniet skulle gå i gang med rundt 2017.
Dei hadde kjøpsrett på dei kommunale tomtene i Strandavegen i vel ti år, før avtalen med Voss herad i 2024 gjekk ut.
På den tida jobba dei lokale selskapa Vossevangen Utvikling AS og EKØ Skarvet AS med eit bustadprosjekt på den tilgrensande Shell-tomta.
Smartembed for https://www.avisa-hordaland.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=503758
– Då tok kommunen kontakt med oss, og ville utvida reguleringsplanen for Shell-tomta til å også gjelda det området. Dei ville modernisera og forskjønna området, så me tok det med og jobba med det i vel to år. Me har tatt det med for å få til ei heilskapleg løysing, fortel Sigbjørn Slåtten, som er dagleg leiar I Vossevangen Utvikling AS.
Fyrste steg i nytt kvartal
Vegsituasjonen har komplisert og lagt tidspress på prosessen i Strandavegen.
Utbyggjarane bak reguleringsplanen i området vil byggja eit leilegheitsbygg med 10–15 bueiningar på dei kommunaleigde tomtene som er på om lag 800 kvadratmeter totalt, og grunna den kritiske vegsituasjonen vil det vera naturleg at det vert fyrste steg i det nye bustadkvartalet i området.
– Me er godt på overtid no, og me ynskjer å byggja der snarleg. Seinare skal det koma fleire nybygg på Shell-stasjonen også, men grunna pågåande leigeavtalar vert det i alle fall tre–fire år til, seier Slåtten.
Han er klar på at dei som utviklarar hadde håpa å få kjøpt ut tomta direkte frå heradet.
– Det er ei krevjande tomt, den er både lita og bratt, og vanskeleg å utvikla. Slik som det er rigga no, har me trua på at me skal kunna byggja og samstundes få utbetra fotgjengarfeltet langs vegen. Me har sagt at me kan utbetra vegen/fotgjengarfeltet, men då må me ha ei tomt å byggja på etterpå, så dette er samansett.
Fleire utfordringar ved ope sal
Slåtten seier det ikkje er avgjerande for dei om politikarane vel å leggja ut eigedommen for sal på den opne marknaden.
Han peiker likevel på at det kan verta vanskeleg for ein ny aktør å prisa inn både vegarbeid og tilpassing for utvikling, særleg når det også må skje veldig raskt.
Selskapa har også teke på seg kostnadar til regulering av området som truleg må kompenserast dersom nokon andre kjøper tomta.
Dei kommunale tomtene er i tillegg små, og Slåtten reknar med at ein må bruka Shell-tomta både til å plassera ein eventuell byggjerigg og samordna parkering for det nye bustadkvartalet.
Det kan verta vanskeleg å få til for ein ny aktør, trur han.
– I prinsippet er eg samd med kommunen om å leggja ut slike tomter for ope sal, men ein må av og til visa skjøn, særleg når risikoen er så stor for at heradet ikkje får selt tomta om Vegvesenet gjennomfører sine planar. Det vil vera nesten umogleg og i alle fall ekstremt kostbart om ein skal byggja ut tomtene etter at Vegvesenet har gjennomført vegutbetringa slik dei har prosjektert, seier Slåtten.
Trur politikarane ser nytta
Utbyggjarane meiner at administrasjonen si tilråding om å selja tomta direkte til utbyggjarane er ei god og samfunnsøkonomisk løysing for alle partar.
Han peiker på ringverknadar som til dømes kjem Sameiget Elvegata og mjuke trafikantar til gode, ved at ein får fiksa eit breitt og dårleg kryss, får på plass fotgjengarfelt og fortau ned Elvegata.
Reguleringsplanen for området skal etter planen opp for politikarane i mai, men han trur at vegarbeidet og tiltaket i Strandavegen 21 må setjast i gang før den tid.
– Me har trua på at formannskapet ser det komplekse i situasjonen og sørgjer for at heradet får inntekter frå salet av tomta. Både heradet, Vegvesenet og fylkeskommunen er best tent med at utvikling av tomt og sikring av fotgjengarfelt blir gjennomført som eit tiltak, avsluttar Slåtten.
Difor meiner rådmannen det hastar å selja to kommunale tomter i Strandavegen
Dette prosjektet har fått klarsignal. Framleis motsegn mot Strandavegen og nye Park Hotel
Politikarane gav grønt lys til sal her. Men resten av eigedommane må venta
Store planar i Strandavegen: Her kan det koma nærmare 80 nye leilegheiter