Tungtransport gjennom Florø sentrum
Plus
Eg jobbar som HMS-leiarved Ewos Florø (Cargill) og følgjer naturleg nok med på korleis tungtransporten vår påverkar lokalsamfunnet. Dette innlegget skriv eg likevel utelukkande som privatperson, sjølv om yrkesbakgrunnen min sikkert skin gjennom.
Eg er uroa forden venta auken i lastebiltrafikk gjennom sentrum av Florø. I dag har Ewos eit gjennomsnitt på om lag 25 lastebilar inn og ut kvar dag, heile året. Innan to år er talet venta å stige til over 50 lastebilar per dag (ei forsiktig prognose). Dersom bruken av enkelte råvarer aukar ytterlegare, kan volumet vekse med 30 % eller meir, noko som raskt betyr 65–70 lastebilar gjennom sentrum dagleg, 365 dagar i året.
bio magnus hjorthol
Over 80 % av denne trafikken skjer på kvardagar mellom kl. 07 og 15, altså opptil 75 lastebilar i rushtida, når folk er på veg til jobb, skule eller ærend i sentrum. Dette reknestykket inkluderer ikkje trafikken frå Global, som kjem i tillegg.
Moglegheita for ein godsbåt mellom basen og Gunhildvågen vert vurdert som liten. Ein slik logistikk ville uansett bli svært krevjande, dyr og truleg ikkje dekkje fabrikkens grunnleggjande behov.
Då Måsholmen-utbygginga nyleg vart nedstemt i kommunestyret, gjekk vi glipp av eit viktig alternativ for å avlaste vegnettet i sentrum. Det kom fram i den politiske debatten at grunneigar nord for fabrikken var positiv til ei utviding, men dette ser førebels ikkje ut til å vere reelt.
No ligg ballen hospolitikarane i Kinn kommune. Dei må vere lyttande og raskt vurdere reelle alternativ.
Etter det eg veit, er ingen av aktørane i Gunhildvågen inviterte med i planlegginga av oppgradering av RV5 gjennom sentrum, det burde endrast.
Personleg meiner egat eit tunnelinnslag frå Fram-plassen og ut til Knapstadmarka ville vere ei smart løysing, ikkje minst fordi det styrkjer beredskapen for innbyggjarane. I dagens situasjon, med aukande fokus på sårbarheit ved kriser, krig, ulykker og ekstremvêr, blir ein tunnel ei svært god og framtidsretta investering i både tryggleik og framkomst.
Kombinert med å senke bilvegen mellom Kulturhuset og barneskulen (Markegata) og legge eit «lokk» over vegen for å utvide parkområdet og dermed knyte saman Kulturhuset og skulen utan biltrafikk, ville sentrum bli tryggare, meir framkomeleg og trivelegare for alle.
Bompengar er sjeldanpopulært, men ofte naudsynt for å finansiere slike tiltak. Førde har si «Førdepakke» som har gitt viktige veg- og byutviklingstiltak. Florø fortener ei tilsvarande «Florø-pakke». Ei logisk plassering for bomstasjon vil vere ved Kanalen, Gaddevågen og Brandsøybrua. Kanskje kunne ein betydeleg høgare passeringssats for tunge køyretøy, finansiert av næringslivet, vere ein veg å gå?
Med den venta auken i lastebiltrafikk følgjer òg høgare risiko for ulykker, meir støy og større slitasje på vegane i sentrum. Dette må takast på alvor før problema veks seg for store.
Eg oppmodar politikarane til å ta initiativ til ein brei og inkluderande dialog med næringslivet for å finne berekraftige løysingar. Florø fortener eit trygt, levande og framtidsretta sentrum.
Krev lovlegkontroll av Måsholm-vedtaket
– Eg jobbar. Kor eg skal jobbe, er opp til politikarane
Gjorde ho seg inhabil i Måsholm-saka? Dette seier kommunedirektøren