Herold

796 utan straum sidan tysdag kveld

Plus
Kilde: Firda Author: Synne Muren Olsen Published: 2026-03-17 21:49:25
796 utan straum sidan tysdag kveld

796 husstandar har mista straumen på Værlandet og delvis Bulandet i Askvoll kommune og langs øysamfunna utanfor Florø tysdag kveld.

Feilen blei meld inn til nettselskapet Linja like før 22:00, som no har lokalisert problemet. Det er ein feil på det elektriske nettet som har ført til brot i forsyninga av straum.

Dermed er ein stor del av øysamfunnet mørklagd. Og dei råka kundane må smørje seg med tolmod; rettinga vil først bli mogleg å gjennomføre når montørane kjem med den første ferja onsdag morgon, melder Linja.

Er du råka av straumbrotet? Vi vil gjerne snakke med deg. Send oss eit tips på e-post: redaksjon@firda.no.

🏷️ Extracted Entities (5)

Linja (entity) Askvoll (entity) Bulandet (entity) Florø (entity) Værlandet (entity)