Bil i fjellvegg: Store materielle skadar
Plus
Ein politipatrulje kom tilfeldigvis over ei trafikkulykke på riksveg 60 mellom Loen og Stryn 22:32 tysdag kveld.
Bilen har krasja rett inn i ein fjellvegg.
Det skal vere store materielle skadar på køyretøyet, men føraren verkar uskadd. Vedkommande, ei kvinne i 20-åra, blir undersøkt av ambulansepersonell.
Bilbergar har henta bilen, oppdaterer politiet klokka 23:07.
Førebels er årsaka til ulykka ukjend. Patruljen følger ambulansen for å ta ein samtale med den involverte kvinna.
🏷️ Extracted Entities (2)
Loen
(entity)
Stryn
(entity)