Legg om drifta: – Flyttar bedrifta til heimekontor
Plus
Larsen Kontor og Data AS legg om deler av drifta og no er det annonsert flyttesal.
– Planen er å flytta bedrifta til heimekontor. Eg har blant anna viktige kundar innan offshorebransjen som eg framleis skal betene, fortel Helge Larsen.
Plakatane på vindauga i butikken i Markegata 5 fortel at det er flyttesal med 30 prosent rabatt. Butikkdrifta blir no avvikla, men firmaet består med alle serviceavtalar.
Helge er ein ekte «selfmade man». I 1994 starta han firmaet, og med leveransar til kjende offshorefima på den veksande oljebasen, skapte det grunnlaget for ei lokal bedrift som har vore gjennom ei rekke teknologiske skifte.
Med serviceteknikarar som kan løyse dei fleste problem, er det ikkje få firma dei har levert og sett i drift data- og kontorutstyr. Etter kvart blei dei også eit kontorsenter.
No skal Helge konsentrere seg om bedriftskundane ut frå heimebasen.
Når lynet slår ned, veit Helge og Kjell Arne at det ventar travle dagar
– Kompisane mine kjøpte hus – eg kjøpte kopimaskiner