Herold

Ny pris for skipstunnelen: 8,6 milliardar

Plus
Kilde: Firda Author: Einar Lundsør Published: 2026-03-18 08:00:25
Ny pris for skipstunnelen: 8,6 milliardar

Ordførarane i området jubla for «mykje billegare tunnel» om den hemmelege, nye prislappen. No er den ikkje hemmeleg lenger. Og framleis langt over ramma.

For ei tid tilbake melde mellom anna Stad-ordførar Judith Margrete Kvåle og Kinn-ordførar Bengt Solheim-Olsen at dei «erfarte» at Kystverket hadde klart å presse ned prisen på skipstunnelen «betydeleg».

Og at det kunne få stor betydning for om tunnelen kunne få startsignal eller ei.

No er prislappen offentleg: 8,6 milliardar kroner. Med det er prisen kutta med 800 millionar kroner.

Men han er framleis langt over anslaget Stortinget tidlegare har fått og arbeidd ut ifrå.

– Kostnadsanslaget er framleis godt over det Stortinget har vedteke, sjølv om det er blitt noko lågare. Det viser at prosjektet ikkje kan gjennomførast innanfor den kostnadsramma som Stortinget har vedteke, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap).

Regjeringa vil gå gjennom Kystverkets nye rapport og anslag og kome tilbake til Stortinget.

Arild måtte selje garden og fekk hjarteinfarkt. Dette seier han no

Stad skipstunnel blir vraka

Det er lett å sitje i Oslo og vere imot Stad skipstunnel

Startar ny innsatsgruppe for Stad skipstunnel

🏷️ Extracted Entities (7)

Stortinget (entity) Kystverket (entity) Stad (place) Kinn-ordførar Bengt Solheim-Olsen (organization) Marianne Sivertsen Næss Ap (person) Oslo (place) Stad-ordførar Judith Margrete Kvåle (organization)