Utanforskap er eit problem vi ikkje har råd til å ignorere
Plus
I Vestland er det no over 20.000 menneske som står utanfor arbeidslivet, utdanning eller trygdesystemet. Samtidig viser tala at berre 84,1 % av elevane fullførte vidareegående opplæring i fjor. Det betyr at rundt 2000 elevar ikkje fullførte. Dette er tal som burde bekymre oss, fordi vi veit at omkring 1000 av de 2000 unge aldri vil komme seg i jobb. Utanforskap fører til store utfordringar for den enkelte, familien, men også for heilskapen i samfunnet.
Samtidig veit vi at det er mange ulike årsaker til at unge droppar ut. Nettopp derfor bør vi ha ei tilnærming som tar høgde for dei varierande utfordringane som dei forskjellige elevane står overfor. Vi har nokre verkemiddel i dag, men spørsmålet er om dei faktisk fangar opp så mange som vi ønskjer, og om dei er tilstrekkelege for å gjere ein forskjell.
I evalueringa av opplæringstenesta ser vi at dei få som får eit omfattande og kostbart tilbod, som til dømes produksjonsskule, i stor grad kjem seg tilbake på skulebenken, i arbeid eller på andre tiltak. Resultata for dei som får lite eller ingen hjelp, derimot, er nedslåande. Vi treng meir målretta og individuell oppfølging for å sikre at fleire unge får den hjelpa dei treng for å fullføre vidaregåande opplæring. Det er ikkje nok med sporadiske tiltak eller små justeringar. Vi må gjere meir av det som verkar, og slutte å bruke pengar på det som ikkje har effekt.
Kvart år brukar Vestland fylkeskommune enorme summar på tiltak som skal motverke fråfall, og som skal få unge tilbake til skulebenken. Utanom produksjonsskulane veit vi ikkje veldig mykje om kva som bidreg til at unge fullfører. Dei siste åra har Høgre gjort framlegg om, kvart einaste år, å ha ein full gjennomgang av verkemidla slik at vi kan bruke midlane våre best mogleg. Og kvart år har fleirtalet, med AP og SP i spissen, stemt imot.
Høgre aukar samtidig løyvingane til både skule og oppfølging, og vi er villige til å bruke mykje meir om vi finn ut kva som sikrar at fleire fullfører. For at vi skal få eit best mogleg tilbod til den einskilde vil Høgre at vi i større grad må samarbeide med ulike sektorar og frivillige, til dømes ROS og Mental Helse Ungdom.
I tida framover vil det vere avgjerande at vi har politikarar som evnar å prioritere kampen mot utanforskap. Det finst inga enkel løysing, men vi må gjere det til ein kampsak, både i budsjettarbeidet og i det daglege arbeidet vårt. Å sikre at flest mogleg fullfører vidaregåande utdanning er ein av dei viktigaste oppgåvene vi har som samfunn. Vi har eit ansvar for å sørge for at ingen blir ståande utanfor!