Herold

Landet som aldri vart rikt nok

Plus
Kilde: Firda Author: Anton Guddal, Fjaler. Published: 2026-03-18 08:25:16
Landet som aldri vart rikt nok

No er det vel på tide att vi som innbyggjarar av Norge AS gjer nokre grep for å få rikspolitikarane til å skjønne alvoret med stadig høgare avgifter på det aller meste som vi produserer, enten som varer eller tenester her til lands.Vi som bønder, transportnæring, entreprenørar, persontransport, pendlarar etc. får store ekstra kostnader på grunn av krig i Midtøsten og etterfølgande eksplosjonsauke i kostnad på blant anna diesel.Dette vi driv med er vel å rekne som ei av fleire teneste til Norge AS som er frå før så avgiftsbelagt att det er vanskeleg å kunne gjere dette på økonomisk berekraftig vis. Når vi no får slik auke i viktige innsatsfaktorar i tillegg så kan utfallet bli stygt med tanke på beredskap visst det skulle oppstå ei uønskte hending.

Vi raknar ikkje av mindre avgifter

Eg nekta å tru att visst vi får tilnærma svenske prisa på drivstoff så vil bybussen i Førde køyre til rundkøyringa i Slåttebakkane, så vil bussjåføren gi beskjed til passasjerar att dei kan sitte i ro, dieselen er så billig att vi tar ei runde ned til Førde og opp igjen. Eller dei som køyrer stein rundt i Førde køyre om Viksdalen eller bønder lar traktoren gå på tomgang om natta.Det må verte slik att vi som yter desse tenestene har råd til å fortsette med det, og ikkje går ad undas heile gjengen. Då kjem vi vel inn på ein anna del av statsbudsjettet, som og har sin kostnad.Eg er bekymra for att når norske politikarar kveler oss i avgifter og vi til slutt må kjøpe slike tenester frå utlandet så er det ikkje bra for velferdsstaten Norge heller.Vi nærmar oss vel eit punkt der vi burde gjere litt som franske bønder, men det er vel ikkje ønskeleg i Norge. Hadde nemnde næringar lagt ned arbeidet i nokre dagar og forlangt drivstoffprisar tilnærma Sverige så trur eg det kanskje kunne våre lettare for Sylvi Listhaug å ha fått gjennomslag for avgiftslette. Det ville også vore ein lakmustest på beredskapen vi har per i dag.

Vi kunne drifta ei stund på oljefondet

Kunne sjå på nyheitene nyleg kveld att Jens Stoltenberg var redd for att visst Sylvi fekk gi avgiftslette, så ville ho tømme oljefondet på kort tid. Det må vere ein hersketeknikk som ikkje er ein finansminister verdig.Eg meiner å ha lest att å bygge opp Ukraina etter 5 år med meiningslaus bombing av Putin, vil koste ca. 5600 milliardar kroner. Norge kan ta på seg den jobben og i tillegg ha igjen 15.000 milliardar på oljefondet. Att Sylvi klarer å tømme oljefondet sånn brått er vel kanskje i beste fall feilinformasjon.Alle kostnader som verte lagt på tenester og produksjon blir vidareført til kvar enkelt familie i landet. Eg trur dei med heilt vanleg årsinntekt har meir enn nok å stå i økonomisk slik som det har blitt siste åra. Det er dei færraste som kan skilte med lønn på over millionen slik som stortingspolitikarar kan. Om forskjellane i Norge skal fortsette som no kan det då verte større sosiale ulikskapar.

Handling, framfor å følgje situasjonen nøye

No trur eg tida er inne for att noko vert gjort, det er ikkje godt nok å «følge situasjonen nøye». Det skulle blitt tilstandar om eg gjekk i fjøsen, mjølka kyrne, ikkje fora dei og følgde situasjonen nøye. Dei fleste kan tenke seg til det resultatet!Sverige og Finland har 90 dagar med drivstoff i beredskap, Norge har 20 dagar. Det er storjubel når vi slår Sverige og Finland i vinteridrett. Vi slår oss på brystet og er faen til nasjon men det blir flaut om vi skulle komme i ei knipe og vere den som må spørje naboar om bistand for den minste ting.Det er for meg, som knapt nok har godt bondevit, å vitne om att nasjonen Norge ikkje kan klare og sørge for ein beredskap som kan ivareta nordmenn på best mogeleg måte ved behov.

🏷️ Extracted Entities (11)

Norge AS (organization) Førde (entity) Sylvi Listhaug (person) Finland (place) Sverige (entity) Jens Stoltenberg (person) Midtøsten (entity) Putin (entity) Slåttebakkane (entity) Ukraina (entity) Viksdalen (entity)