Det er ikkje eit «Molde-prosjekt»
Debatten om E39 og Møreaksen har gått høgt og lågt dei siste vekene. Politikerar har diskutert bompengar, bypakker, trasear og rekkefølgje.
Det handlar om nasjonal beredskap og statens ansvar for kritisk infrastruktur
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
Men i all denne støyen er det eitt tema som nesten ingen har snakka om: fastlandsforbindelse til Gossa og Nyhamna. Det er oppsiktsvekkande – for dette handlar om statens ansvar for beredskap og kritisk infrastruktur.
I desember gav Samferdselsdepartementet eit tilleggsbrev til Statens vegvesen. Der slo staten fast at beredskap, totalforsvar og kritisk infrastruktur skal inngå i vurderingar av store prosjekt. Dette er eit overordna styringssignal som gjeld heile etaten. Når staten sjølv løftar inn desse omsyna, betyr det at prosjekt som påverkar tilkomst til kritisk infrastruktur ikkje lenger kan behandlast som lokale eller fylkeskommunale spørsmål.
Så kom februar. Då gav samferdselsministeren eit nytt og heilt konkret oppdrag: Statens vegvesen skal utrede mogleg rekkefølgje for gjennomføring av Møreaksen, inkludert bytunnel gjennom Molde og eventuelt Julsundbrua som første byggetrinn.
Dette er to ulike statlege signal, men dei peikar i same retning: Når staten krev beredskapstenking, og samtidig ber om rekkefølgjevurdering, må Vegvesenet ta inn over seg at Kjerringsundet og fastlandsforbindelsen til Nyhamna er statleg ansvar.
Samferdselsministeren sa nyleg: «Vi har bedt Statens vegvesen utrede en bytunnel gjennom Molde og eventuelt Julsundbrua som første byggetrinn.»
Dette handlar om ein bytunnel frå Bolsønes til Julsundet, som skal ta trafikken under Molde sentrum og ut til Julsundet. Men signalet er likevel viktig: Julsundbrua er første del av den vedtatte fjordkryssinga via Tautratunnelen, traseen som fylkestinget har vedtatt som E39 gjennom Romsdal. Å redusere dette til eit spørsmål om «1300 innbyggjarar på Otrøya» er å misforstå heile funksjonen. Julsundbrua er ikkje eit lokalt prosjekt. Ho er starten på E39-fjordkryssinga – og nøkkelen til fastlandsforbindelsen over Kjerringsundet.
Når enkelte bagatelliserer Julsundbrua og omtalar ho som eit prosjekt for Otrøya, overser dei at brua er den einaste måten å realisere fastlandsforbindelsen over Kjerringsundet. Og Kjerringsundet er ikkje eit ønske frå Gossa – det er den einaste realistiske landforbindelsen til Nyhamna. Her ligg det viktigaste poenget i heile debatten: Fastlandsforbindelse til eit storulykkeanlegg er ikkje eit kommunalt eller fylkeskommunalt ansvar. Det er statens ansvar.
Nyhamna er ikkje eit lokalt industriområde. Det er eit av Europas viktigaste gassanlegg, klassifisert som storulykkeanlegg og ein sentral del av norsk og europeisk energisikkerheit. Havtil sine tilsynsrapportar viser at anlegget blir følgt opp som eit høgrisikoanlegg der tilgang, beredskap og robust infrastruktur er avgjerande. Ein kommune eller eit fylke kan ikkje sitte med ansvaret for beredskap til eit anlegg som forsyner Europa med energi. Det ansvaret ligg hos staten – og berre hos staten.
Når staten i desember krev at beredskap og totalforsvar skal inn i vurderingane, og i februar ber Vegvesenet vurdere rekkefølgje for Møreaksen, betyr det at Kjerringsundet må vurderast som del av ein statleg beredskapsakse. Julsundbrua, bytunnelen frå Bolsønes til Julsundet og fastlandsforbindelsen til Nyhamna heng saman. Dette er ikkje tre separate prosjekt. Dette er ei statleg oppgåve.Når energiministeren no har uttrykt offentleg at regjeringa vurderer eit mogleg nytt gassrør frå Barentshavet, og samtidig varslar auka leiteaktivitet i Norskehavet, betyr det at Nyhamna kan få endå større strategisk betydning i åra som kjem. Då kan ikkje tilkomsten til anlegget vere avhengig av ei ferje som stoppar når uvêret står på. Dette handlar ikkje om pendling. Det handlar om framtidig energiforsyning til Europa – og dermed om statleg beredskap.
Når Tautratunnelen ein gong kjem, vil han gi Nyhamna noko som er heilt avgjerande: Heimevernet får ferjefri tilgang frå Åndalsnes. I dag krev det to ferjer. I ein beredskapssituasjon er det ikkje akseptabelt. Dette handlar ikkje om byutvikling. Dette handlar om beredskap og totalforsvar.
Når Vegvesenet no skal utrede rekkefølgje for Møreaksen, må dei stille seg sjølve eit grunnleggjande spørsmål: Kva fastlandsforbindelse treng eit av Europas viktigaste gassanlegg? Då må dei involvere Gassco, Shell og Havtil. For når anlegget er ein del av det norske gasstransportsystemet, kan ikkje vurderinga baserast på trafikk og pendling åleine. Beredskap, totalforsvar og energisikkerheit må vere ein integrert del av vurderinga. Og igjen: Dette er statens ansvar, ikkje eit ansvar som kan delegerast til eit fylke.
Fastlandsforbindelse til Gossa og Nyhamna er ikkje eit lokalpolitisk prosjekt. Det er ikkje eit bypakkeprosjekt. Det er ikkje eit «Molde-prosjekt». Det er ein del av Noregs ansvar for beredskap, tryggleik og energiforsyning – både nasjonalt og internasjonalt. Når staten sjølv ber Vegvesenet utrede Julsundbrua som første byggetrinn, er det fordi dette handlar om meir enn samferdsel. Det handlar om kritisk infrastruktur og totalforsvar.
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal