Herold

Ei tilråding basert på faktafeil og tilpassa argumentasjon

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Monica Vedvik, aksjonsgruppa for Solvorn oppvekstsenter og bygdeidentiteten i Luster Published: 2026-03-16 09:24:59
Ei tilråding basert på faktafeil og tilpassa argumentasjon

I saka om Solvorn oppvekstsenter stilte Oddstein Haugen (Ap) følgjande spørsmål til administrasjonen på formannskapsmøtet på onsdag. Kva skal de gjere når Hafslo skule blir full? Han fekk sjølvsagt ingen svar. Spørsmålet er stilt også gjennom lesarinnlegg og i førre formannskapsmøte, der administrasjonen fekk ei konkret oppgåve som var å innhente eit breiare datagrunnlag til neste møte. Det kom ikkje. Framleis ligg estimata som syner nedgang i elevtalet dei kommande fire åra til grunn for tilrådinga. Administrasjonen seier det er ei krevjande øving som vil grense til spådom å framskrive elevtalet i Hafslo krins, og syner heller til historiske tal. Desse tala vil ikkje vere relevante for den planlagde veksten framover.

Når det gjeld Solvorn, meiner administrasjonen at dei kan gjere relativt presise estimat av elevtalet i overskodeleg framtid, sjølv om det no er lagt inn nytt bustadfelt i arealplanen som ligg ute på høyring. I tillegg marknadsfører Luster kommune i desse dagar bustadtomter for sal i Solvorn som ligg i gangavstand til skule og barnehage."

Sett i lys av høyringssvara og dokumentasjonen som er lagt til grunn, så er det vanskeleg å forstå korleis administrasjonen har kome fram til ei slik tilråding. Når saksutgreiinga består av systematisk utveljing av informasjon og ei einsidig framstilling, så blir saksgrunnlaget skeivt og risikovurderingar og ulemper ved avgjerda kjem ikkje fram i lyset i det heile.

Det er kome inn fleire hundre sider med høyringssvar. Ikkje eitt einaste argument som stør opp under å behalde oppvekstsenteret er teke med i tilrådinga. Argument som er fagleg grunngjeve, er erstatta med påstandar og subjektive vurderingar utan fagleg grunnlag. Tilgjengeleg forsking som har relevans for saka er blitt løfta fram i høyringssvara, men likevel vert desse kategorisk sett vekk i frå i tilrådinga.

Inntrykket er at heile høyringsprosessen har vore eit ledd i ein nedleggingsprosess og at administrasjonen openbart hadde bestemt seg allereie i oktober. Barnas beste-perspektivet var ein inngangsport for å legge ned skulen på eit «legitimt» grunnlag, noko tilrådinga som no ligg på bordet vitnar om. Relevante fakta og alternative perspektiv er systematisk utelatne. Rapportar som vil ha stor relevans for saka er ikkje teke med i vurderingane. Summen av dette er ei ufullstendig saksutgreiing og eit svært misvisande bilde. Dette undergrev tilliten til at dette skulle vere ein open og ryddig prosess.

Feilaktig datagrunnlag fører til mangelfulle estimat. Hafslo er eit av dei viktigaste vekstområda i kommunen og veksten vil halde fram. Det er derfor oppsiktsvekkande at ikkje folketalsveksten i Hafslo krins er teke med i vurderinga, når ein veit at det i bustadfeltet Botn er tilrettelagt for 130 barnefamiliar, og det er før utbyggjarane er i gong med byggesteg to, og før fortetting av bustader i sentrum er realisert.

Det er og oppsiktsvekkande at dei trafikale tilhøva langs Solvornvegen ikkje ein gong er nemnde i saksutgreiinga. Det framstår lite tillitsvekkande og svekkar grunnlaget for tilrådinga som allereie bygger på eit skeivt saksgrunnlag. Den bratte og smale Solvornvegen, som vil vere hovudtrasé for skulebussen, er verken trygg eller eigna for mjuke trafikantar. Manglande gatelys og manglande gangvegar er heller ikkje nemnd. Heller ikkje den auka trafikken som vil kome som følgje av Verdsarvsenteret på Urnes. Vegen er svært trafikkfarleg med manglande passasje for to bilar på delar av strekninga, og med manglande autovern eller anna sikring. Dette gjeld også på dei få busstoppa som er langs vegen og som på ingen måte innfrir lovpålagte krav om utforming. På mørke vinterdagar med snøkantar og glatte vegar vil tilhøva bli desto verre.

Førestillinga om at store skular er betre enn små skular har vore prøvd dokumentert i ei årrekke, men så langt har ingen lukkast med å slå fast ein samanheng. I tillegg syner både nasjonal og internasjonal forsking, at dei små skulane er fullt på høgde med store skular når det gjeld å fremje læring og intellektuell utvikling, og dei små skulane er heller ikkje underlegne med omsyn til sosial læring og utvikling, snarare tvert om. I små skular vil elevane langt oftare samhandle på tvers av alder og kjønn og med det, paradoksalt nok, ha ei breiare og rikare sosial kontaktflate enn elevar i store skular som held seg til si aldersgruppe. Elevar i småskular og i mindre miljø vil og ha tettare vaksenkontakt og tidlegare få ansvar for seg sjølv og andre (Solstad & Solstad, 2025).

Det eksisterer ei førestilling om at homogene grupper er idealet, men ein tar ikkje med i reknestykket at det kan vere nær eitt år i aldersforskjell også innanfor same årskull. Til dømes er det tre månader i aldersforskjell på to ulike trinn ved oppvekstsenteret. I tillegg er elevane med på fritidsaktivitetar der dei treff enda fleire på tilsvarande alder. Det er derfor ikkje eit avgjerande argument at elevane ikkje har jamaldringar i skuletida, for det har dei. I tillegg drar dei fordelar av å ha både eldre og yngre elevar i gruppa si. Påstanden om at elevar lærer best ved hjelp av ein meir kompetent klassekamerat, er grundig dokumentert og det gir elevane dei aller best vekstkår for både fagleg og sosial læring.

I tillegg syner ferske tal frå Elevundersøkingane at mindre distriktsskular ofte skårar høgast på trivsel og motivasjon. Forsking peikar også på at fulle klasserom og høge elevtal er identifisert som ein risikofaktor for eit negativt psykososialt miljø, og at større klassar fører til meir støy og uro. Store elevgrupper kan føre til fleire konfliktar og færre sosiale interaksjonar, og det gir mindre tid til kvar enkelt elev, noko som gjer det utfordrande for læraren å fange opp og legge til rette for den enkelte. Dette kan igjen føre til meir bruk av spesialundervisning.

Willy Tore Mørch er professor emeritus og har barn og unge si psykiske helse som sitt spesialfelt. Mørch nyttar ein klassisk gartnarmetafor når han konkluderer med at det i realiteten er barna som blir straffa når dei rykkast opp med rota og fjernast frå sitt trygge nærmiljø. Han retter merksemda mot dei yngste barna sin sårbarheit fordi dei i langt større grad blir påverka av slike endringar, og nettopp derfor meiner Mørch at nedleggingar av skuler er direkte uklokt.

I Nordland fylke, som også har spreidd busetnad, lever den desentraliserte skulestrukturen i beste velgåande Det er fleire av desse skulane som over år har skåra høgast på kvalitetsindikatorane for eit godt skulemiljø. I dag er leiarane ved desse skulane svært glad for at dei har helde fast ved den desentraliserte skulestrukturen i sine respektive kommunar. Så det finst i høgste grad fleire kommunar som har gått motstraums, og bevart dei allereie etablerte skulane i bygdene sine.

Hadsel kommune i Vesterålen er også eit oppløftande eksempel på nettopp det. Dei har valt å forlate eit problemorientert «her og no»-perspektiv og gått over i eit meir løysingsfokusert framtidsperspektiv som til sjuande og sist vil gagne alle innbyggarane i kommunen. Hadsel kommune representerer eit meir oppmuntrande perspektiv på skulestruktur, som står i motsetnad til eit nokså snevert syn der nedleggingar ser ut til å vere det einaste alternativet og som må gjennomførast for ein kvar pris.

Drøfting av alternativ er heller ikkje vurdert i tilrådinga, som samarbeid mellom skular eller endring av skulekrinsgrenser som kunne ført til ei betre fordeling av elevmassen. I tilrådinga er det ei overvekt av økonomiske argument med vekt på innsparingar, trass i at det gong på gong vart understreka på folkemøtet i oktober at den økonomiske gevinsten var så knapp, at det ikkje var eit argument i det heile. Konsekvensutgreiinga for elevane er snevert framstilt og betydninga for lokalmiljø og tilflytting er ikkje omtalt i det heile. Ei så viktig sak krev ei brei og balansert framstilling.

Administrasjonen skriv i si tilråding at krava, kompetansekrava og forventningane aukar i oppvekstsektoren. Endringar i krav er først og fremst knytt til retten alle elevar har til tilpassa opplæring innanfor rammene av ordinær undervisning. Som følgje av at klassar jamt over har blitt betydeleg større, er det fleire som arbeider for at delingstalet i skulen må senkast ytterlegare. Den viktigaste grunnen til dette er nettopp at det i store grupper med elevar blir vanskeleg å tilpassa undervisninga til ulike nivå i ein og same klasse. Mellom anna har Utdanningsforbundet lenge argumentert for høgare lærartettleik og mindre grupper.

Fleire norske politikarar har også foreslått strengare grenser for kor store klassane kan vere, nettopp fordi det vil ha positiv effekt på arbeidsmiljøet og det vil vere enklare å tilpassa undervisninga. Lærarar ved fleire store skular i landet ropar også varsko, og ber om at det vert sett eit tak på tal elevar, som må vere betydeleg lågare enn delingstalet er i dag.

Det er derfor oppsiktsvekkande at administrasjonen skriv i si tilråding at ei nedlegging av oppvekstsenteret vil gi ei estimert innsparing på 2,5 årsverk i grunnbemanning og administrasjonskostnader. At det vil kome fleire parallellar ved Hafslo skule dei kommande åra, som følgje av ein formidabel vekst i elevtal, er eit langt meir realistisk estimat enn at ei overføring ikkje vil føre til klassedeling. Parallellar vil føre til behov for fleire lærarar, fleire klasse- og grupperom og vil ikkje gi innsparing på sikt. Tvert om.

Per dags dato finnes det ingen dokumentasjon på at store skular er eit betre alternativ for elevane. Argumentet om at det er til barnas beste å avvikle Solvorn oppvekstsenter, er derfor ikkje fagleg fundert, men er i langt større grad basert på ein hypotese om at det er ein samanheng mellom skulestørrelse og kvalitet.

Fleire lokalsamfunn som har vore gjennom prosessen med vedtak om nedlegging, fekk erfare at bygda vart så godt som rasert etter nedlegginga. Tradisjonsbundne aktivitetar opphøyrde fordi desse treffpunkta vart flytta til dei nya skulane. Lokalhistorie vart ikkje lenger formidla og elevane mista tilknytinga til heimstaden sin og kom heller ikkje tilbake for å etablere seg i bygda etter fullført utdanning. Kommunar som valte å gå motstraums og satse på dei allereie etablerte einingane, kan fleire av desse skulane i dag vise til svært gode resultat på Unicefs rangering av oppvekstvilkår.

Nedlegging av Solvorn oppvekstsenter vil få store konsekvensar for elevane, for bygda og for heile lokalsamfunnet. For bygda vil skulen sin rolle som sosialt og kulturelt sentrum opphøyre, lokalsamfunnet blir svekka, og aktivitetar og fritidstilbod vil forsvinne. Ein skule er ikkje berre ein undervisningsstad – det er limet som held bygda levande. Solvorn har ein storslått natur, ei nydeleg strand, Lustrafjorden som er viden kjent, ein rik kulturarv og nærleik til Sogndal – alt som gjer bygda til ein attraktiv stad å busetje seg i.

Med bakgrunn i at det verken er ein særleg økonomisk gevinst ved ei nedlegging av Solvorn oppvekstsenter, og det heller ikkje er skulefaglege argument for ei avvikling, så meiner vi heilt klart at Solvorn oppvekstsenter må få halde fram som i dag som ei levande bygd med sterk lokal forankring. Ved å legge til rette for at fleire vil busette seg her, kan bygda styrke sin identitet og halde fram som eit levande og berekraftig lokalsamfunn, også i framtida.

Skuleaksjonistane: – Me kjempar på og gir oss ikkje

– Eg tykkjer dette er veldig vanskeleg

🏷️ Extracted Entities (17)

Solvorn (entity) Hafslo (entity) Solstad (place) Solvornvegen (entity) Willy Tore Mørch (person) Botn (entity) Elevundersøkingane (entity) Luster (entity) Lustrafjorden (entity) Nordland (place) Oddstein Haugen Ap (person) Sogndal (place) Unicefs (entity) Urnes (place) Utdanningsforbundet (entity) Verdsarvsenteret (entity) Vesterålen (entity)