Herold

Når ikkje responstida: – Eg er ikkje nøgd

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Sigrid Nese Thue Published: 2026-03-16 10:19:29
Når ikkje responstida: – Eg er ikkje nøgd

Vil bruka meir pengar på folk ute.

– Straffesaker har me god kontroll på, men me slit meir med responstida.

Slik oppsummerer politimeister Ane Kvaal kriminalitetstala for Vest politidistrikt i 2025.

Dei viser at talet på straffesaker held seg om lag på same nivå som dei to siste åra.

Politiet registrerte i fjor 31 130 meldte saker – 810 fleire enn året før. Totalt hadde politiet identifisert mistenkte i om lag halvparten av sakene. Oppklaringsprosenten held seg stabil, medan sakshandsamingstida går opp etter gode tal i 2024.

– Overordna har me god kontroll på straffesakene i Vest politidistrikt. Me registrerer nokre mindre endringar, mellom anna ein liten nedgang i meldte saker knytt til mindreårige. Det er positivt, men det er førebels for tidleg å seia om me ser ei endring i ungdomskriminaliteten her i Vest, seier politimeister Kvaal i ei pressemelding.

– Ønskjer å bruka meir pengar på folk ute

Like bra går det ikkje med responstida. Politidistriktet nådde ikkje krava i 2025, verken i tettbygde område eller i mindre sentrale strøk.

Responstida blir målt frå det ringjer ved operasjonssentralen til første politieining er på staden. Det er ulike krav til responstid avhengig av innbyggjartal og ein måler berre på oppdraga som hastar mest.

– Eg er ikkje nøgd med at responstida vår går opp. Dette handlar mellom anna om ressursar. Eg ønskjer å bruka meir pengar på folk ute, heller enn bygg og anna drift. Dette jobbar me svært aktivt med no, men det er ei grense for kor effektive me kan bli, seier Kvaal.

Ho har fleire gonger det siste året peika på at politidistriktet har stramme rammer i tillegg til ei meir krevjande oppgåveportefølje, noko som gjer at ho og leiinga må gjera vanskelege prioriteringar. Dette får mellom anna konsekvensar for mindre alvorleg kriminalitet.

Tar ikkje tilliten for gitt

– Min frykt er at politiet blir oppfatta som irrelevant og fjern for folk flest. Det vil gå på tilliten laus. I den tryggingspolitiske situasjonen me står i no, er me som samfunn heilt avhengig av at innbyggjarane har tillit til politiet, seier politimeisteren.

Men det kan tyda på at innbyggjarane har fått høgare tillit til etaten den siste tida. Førre veke offentleggjorde politiet resultata frå Innbyggjarundersøkinga 2025 som syner at tilliten går opp tre prosentpoeng til 73 prosent på landsbasis.

Også i Vest politidistrikt aukar tilliten. Her seier 71 prosent at dei har høg eller veldig høg tillit til politiet, noko som er opp fire prosentpoeng frå 2024.

– Dette er utruleg viktig for oss som samfunn, men ikkje noko me kan ta for gitt. Eg kjem difor til å jobba hardt for at me skal gje innbyggjarane dei beste polititenestene ut frå dei rammene me har. Så får det vera opp til politisk leiing å bestemma korleis denne ramma blir, seier Kvaal.

🏷️ Extracted Entities (3)

Ane Kvaal (person) Vest (entity) Innbyggjarundersøkinga (entity)