Herold

Viking byr på Kilen

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Marius B. Staveli Published: 2026-03-16 12:28:12
Viking byr på Kilen

Seriemeisteren frå i fjor, Viking FK, skal ifølgje TV2 ha lagt inn bod på KBK-yndlingen Sander Kilen.

(Tidens Krav): TV2 melder at KBK kontant avslo eit bod på rundt 15 millioner kroner for årdølen Sander Kilen.

Det siste av fleire bod frå Stavanger på Kristiansund sitt stortalent dei siste dagane.

– Eg forstår KBK godt. Å behalda han, kan vera forskjellen på å stå i Eliteserien eller nedrykk til OBOS-ligaen. Med dei summane som blir betalte for spelarar med mykje mindre x-faktor enn Kilen, så forstår eg at Kristiansund krev meir. Kilen leverte ein ny, herleg kamp i går søndag, seier TV 2s fotballekspert Yaw Amankwah i ein artikkel på TV2.

– Om KBK sel Sander Kilen, så vil alle andre lag i botnstriden jubla, seier han.

KBK har budsjettert med inntekter frå spelarsal, for å gå med overskot inneverande sessong.

I fjor selde KBK Oskar Sivertsen (Go Ahead Eagles), Håkon Sjåtil (Vålerenga) og Ruben Alte (Viking) fór til saman 21 millionar kroner.

– Gir livskvalitet

KBK har budsjettert med over 20 millionar kroner i spelarsal i år for å gå med overskot inneverande sesong, men i utgangspunktet ønskjer ikkje klubben å selja nokon før tidlegast i sommar.

Sportsleg leiar Eirik Hoseth seier til Tidens Krav at det i vinter har vore interesse rundt fleire spelarar i KBK, men seier ingen kommentar når han blir spurd om Viking har lagt inn bod på Sander Kilen.

– Me som har klubb har lyst å bli litt meir enn å ha eit lag som kjempar om 13.-plass og nedover på tabellen. Ut frå det er det ingen som per i dag er til sals. Det er det eg kan seie på generelt grunnlag, seier Eirik Hoseth, som samtidig er fullstendig klar over at alle spelarar i utgangspunktet er til sals viss prisen er rett.

Kilen har kontrakt ut 2028. Det er ikkje lett å seia kva «rett» pris for Kilen vil vera i den norske marknaden, men Viking må heilt sikkert leggja over 20 millionar kroner på bordet viss KBK skal vera villig til å setja seg ned ved forhandlingsbordet.

Han seier vidare at kampen mot Brann søndag er eit bevis på at Kristiansund har eit mannskap som kan matche dei fleste i Eliteserien.

– Det er sigeren mot Brann alle snakkar om på jobben i dag. Det gir livskvalitet å skapa sånne opplever som me gjorde i helga. Dette har ein stor verdi for ein by og eit lokalsamfunn. Me må gjera alt me kan for å vera konkurransedyktig, seier Hoseth.

Det norske overgangsmarkedet stenger 31. mars.

🏷️ Extracted Entities (15)

KBK-yndlingen Sander Kilen (organization) KBK Oskar Sivertsen Go Ahead Eagles (organization) Eirik Hoseth (person) Kristiansund (place) Ruben Alte Viking (person) Tidens Krav (person) Brann (entity) Eliteserien (entity) TV2 (entity) Håkon Sjåtil Vålerenga (person) OBOS (entity) Stavanger (entity) TV (entity) Viking FK (organization) Yaw Amankwah (person)