Hyperskala lovnader
Plus
Sognekraft har løfta fram planar om datasenter i Gaupne i Luster, med effektuttak på 120 MW. Det er tidleg i prosessen. Då er det no me må stille dei ubehagelege spørsmåla, før store ord blir til politiske forventningar. 120 MW kontinuerleg er i storleiksorden 1 TWh i året, som er ganske nøyaktig heile årsproduksjonen til Jostedalen kraftverk. Det er ikkje småtteri.
Datasenter kan gi arbeidsplassar og styrkje digital suverenitet og kontroll, men det skjer ikkje av seg sjølv om me berre opnar døra for hyperskala bygging til høgstbydande. Utan klare vilkår kan dette bli ein modell der me leverer straum, areal og nettkapasitet, medan verdiane hamnar andre stader. Då blir me ikkje ein vinnarregion, men ein leverandør av billeg innsatsfaktor.
Første kritiske punkt er kven dette eigentleg er til for, og kva digital suverenitet betyr i praksis.
Det blir lett å seie at dette handlar om at me ikkje skal sende reknekrafta til USA eller Kina. Men både data og reknekraft flyt fritt over landegrenser gjennom internett. Tallknusinga i Sogn kan like gjerne gå til globale aktørar som kjøper billeg straum og stabil kjøling, utan at det byggjer norsk kontroll eller lokal kompetanse. Skal me ta ei god avgjerd, må det kome konkrete svar på kundekategoriar og prioriteringar: Er dette først og fremst for norsk offentleg sektor og norske verksemder, for europeiske miljø, eller for kven som helst som betaler mest?
Andre kritiske punkt er arbeidsplassane.
I slike saker blir det ofte kasta rundt med tal som mange vil lese som faste jobbar, men bygging og drift er to ulike fasar, og tala inkluderer gjerne både direkte og indirekte arbeidsplassar, noko som sjeldan blir forklart tydeleg. Hamm Institute for American Energy peikar i ein analyse frå november 2025 på at bygging typisk krev om lag 0,7 til 2,0 arbeidarar per MW, medan drift ofte ligg på om lag 0,15 til 0,35 heiltidsekvivalentar per MW. Dei peikar også på at dei mest automatiserte hyperskala-anlegga kan operere med svært få faste tilsette per 100 MW. Overført til 120 MW gir det eit breitt spenn: i byggefasen kan me sjå noko i storleiksorden 80 til 240 arbeidarar i toppar, medan drift kan liggje på kanskje 20 til 50 faste stillingar. Kvar i spennet ein hamnar kjem an på fleire faktorar: om anlegget er hyperskala eller meir samlokalisering av fleire tenester, kor høgt automasjonsnivået er, om drift blir lokalt bemanna eller sett ut til eksterne leverandørar, og om ein byggjer opp reelle fagmiljø lokalt eller berre driv minimumsdrift. Påstandar om svært mange faste arbeidsplassar må dokumenterast, splittast i fasar og forklarast med definisjonar og metode, inkludert kva som er direkte tilsette og kva som er indirekte ringverknader.
Tredje kritiske punkt er energiomfanget og alternativkostnaden.
Når ein bind opp 120 MW, bind ein ikkje berre energi, men effekt, nett og prioriteringsrom i kraftsystemet. I 2025 brukte norske datasenter 2,79 TWh, ein auke på 70 prosent frå 2024, og stod samstundes for nærare halvparten av reservasjonskøen hos Statnett. NVE anslår i sin langsiktige kraftanalyse for 2025 ein vidare vekst i kraftforbruk frå datasenter på 3,5 TWh fram til 2030. I ei tid med press på både kraft og nettkapasitet er det legitimt å spørje kva som blir fortrengt, kven som taper køplass og kapasitet, og kva verdiskapinga per kWh er samanlikna med andre moglege næringar og behov.
Dette handlar ikkje om å vere teknologifiendtleg, men om prioritering av fellesskapen sine ressursar. Vi har lange tradisjonar ved industribygging i Noreg for å utnytte naturressursane til det beste for samfunna og arbeidsplassane lokalt. Dei same prinsippa bør gjelde også i møte med ny digital industri.
Fjerde kritiske punkt er etterprøvbarheit.
I tidleg fase blir det fort hyperskala lovnader og lite dokumentasjon. Før saka får fart, bør me krevje heilt konkrete svar med papir bak: type datasenter og energimål, kjøleløysing og vassbruk, arbeidsplassrekneskap med definisjonar, og eventuelle intensjonsavtalar om overskotsvarme og kundesegment. Utan dette er det uansvarleg å late som om samfunnsnytta er gitt.
Stortinget handsama desse spørsmåla 12. mars 2026.
Alle forslaga om ein reell nasjonal konsesjonsordning fall. Sjølv det svakaste, ein enkel førespurnad om å utgreie ei ordning innan utgangen av 2026, støtta av Høgre, SV, Sp, Rødt og MDG, vart nedstemt 40 mot 62. Ap, FrP og Venstre stemde imot. Det som vart vedteke, med 97 mot 2 røyster, var å be regjeringa «vurdere den samfunnsmessige nytten» og kome tilbake «på egnet måte», utan frist og utan konkrete krav. Det einaste handfast som kom ut av behandlinga er eit forbod mot kryptosenter. Det betyr at kommunen framleis står åleine, og at «første mann til mølla»-prinsippet gjeld i kraftnettet, uavhengig av kva eit datasenter skal brukast til. Når nasjonale rammer manglar, er det her, i kommunestyresalen, avgjerda reelt sett blir teken.
Til slutt må me sjå dette i lys av den globale KI-bølgja.
Ifølgje Stanford University sin AI Index 2025 har total korporativ investering i kunstig intelligens vokse tretten gonger sidan 2014 og nådde 252 milliardar dollar i 2024 åleine. McKinsey anslår at nær 7 billionar dollar vil gå til bygging og oppgradering av datasenter i løpet av dei neste fem åra. Det seier noko om kor hardt globale selskap og investorar pressar fram denne type infrastruktur. Når den bølgja treff lokalsamfunn med billeg kraft, er risikoen stor for at me endar som kraftkoloni dersom me ikkje stiller krav. Utviklinga og behovet for meir kraft vil ikkje stoppe opp med det første.
Datakraft er ein del av framtida, det er det ingen tvil om. Og dette kan bli bra, men det er ikkje ei naturlov. Me må få fakta på bordet, ikkje berre forteljingar, og me må få vilkår og garantiar som bind. Elles er risikoen stor for at me står att med kostnader og press, medan gevinsten forsvinn ut.