Herold

Bronse i NM: – Heroisk innsats

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2026-03-16 17:01:00
Bronse i NM: – Heroisk innsats

Strand-Ulv vart nummer tre i U19 NM.

Etter eit suverent regionsmeisterskap i Kvinnherad arena, der dei vann alt som kunne vinnast, kvalifiserte Strand-Ulv sitt U19-lag i volleyball seg til NM i Volda.

Det gjekk av stabelen i helga.

Her slo raudtrøyene frå Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy nok ein gong hardt frå seg.

Dei fossa gjennom gruppespelet utan å gje frå seg eit einaste sett og slo Koll kontrollert 2–0 i kvartfinalen.

Men mot vertslag KFUM Volda i semifinalen vart det tap.

«Semifinalen blei litt for tøff for oss trass i fantastisk spel og heroisk innsats av jentene», skriv Strand-Ulv på Facebook.

Kampen var jamspelt, men det var Volda, som seinare vart norgesmeister, som trekte det lengste strået i begge setta. Dei sende med det Strand-Ulv inn i ein bronsefinale.

Her venta Haugesund på andre sida av nettet.

«Det blei ein herleg 2–0-siger. Jentene spelar utruleg godt, og samhald, humør og speleglede er heilt utan sidestykke», skriv klubben.

Her jublar dei for opprykk: – Det var skikkeleg gøy!

🏷️ Extracted Entities (10)

KFUM Volda (organization) Strand-Ulv (entity) U19 NM (organization) Facebook (entity) Hatlestrand (place) Haugesund (place) Koll (entity) Kvinnherad (entity) Varaldsøy (place) Ølve (entity)